Avtale med Khartoum

Publisert

I dag skreiv Universitetet i Khartoum og Universitetet i Bergen under ei samarbeidsavtale. Dette er første steg for å gjenopprette og styrke samarbeidet mellom UiB og akademiske institusjonar i Sudan.

- Sudan er eit av dei viktigaste samarbeidslanda vi har i sør, og vi satsar sterkt på dette samarbeidet, seier rektor ved UiB, Sigmund Grønmo. han fortel at ein håper at samarbeidet skal knyttast opp mot eit nettverk av samarbeidsland i regionen, som til dømes Uganda.

Samarbeidet mellom UiB og dei sudanesiske universiteta har lege nede på grunn av den langvarige borgarkrigen. UiB skal no få i gong samarbeid med to andre universitet forutan universitetet i Khartoum.

Det Norske Utanriksdepartementet har sett av pengar til forskingssamarbeid med Sudan. Pengane skal forvaltast av Norad. Ved UiB blir det no jobba med ein felles søknad frå fleire fagmiljø. Innan første desember skal den sendast til samarbeidspartnerane i Sudan, medan den endelege søknaden skal sendast Norad innan 1.februar.

Med i følget til Universitetet i Bergen var også direktør for internasjonale relasjonar, professor Mustafa Idris og Sudans ambassadør i Norge, Dr. Mohammed Ale Eltom.

Powered by Labrador CMS