Avtale mellom UiB og ChevronTexaco

Publisert

Fredag 20.februar signerte UiB og det amerikanske selskapet ChevronTexaco ei samarbeidsavtale. Dette er den første samarbeidsavtalen ChevronTexaco inngår med eit universitet utanfor USA.

Donald Paul, som er visepresident i ChevronTexas var komen til Bergen for å skrive under avtalen og møte leiinga ved UiB, samt forskarar frå Senter for integrert petroleumsforsking (CIPR), som er eit av dei tre SFF-sentra ved UiB. Det er dei som skal stå for det direkte samarbeidet med amerikanarane.

Kjent for sterk forskingsprofil

Forskingsdirektør ved Senter for integrert petroleumsforsking (CIPR), Arne Skauge seier at ChevronTexaco er eit svært interessant oljeselskap fordi dei har ein veldig sterk forskingsprofil.

- Dei skil seg litt frå ein del andre oljeselskap fordi dei har lang tradisjon for samarbeid med universitet – og brukar universitet aktivt. Til dømes samarbeider dei med Stanford universitetet, der også vi har kontaktar, seier Skauge.

- For våre forskarar er ChevronTexaco særskilt interessante fordi det er dei som no utviklar neste generasjons simuleringsverktøy. Dette gjer dei i eit samarbeid med selskapet Schlumberger, i tillegg til at dei samarbeider med universitetsforskarar. Samarbeidet med Chevron gjer oss høve til å vere med å påverke det som blir framtidas industristandarder innanfor dette feltet, seier Arne Skauge. Det var SFF-statusen som gjorde at det amerikanske oljeselskapet tok kontakt med Skauge og hans forskarteam, og dei har hatt møter fleire gongar dei siste åra. Eit mindre forskingssamarbeid har allereie pågått ei tid, men no vonar forskargruppa at det blir langt meir og tettare koblingar mellom UiB og det amerikanske oljeselskapet.

Det stadfesta også visepresidenten i ChevronTexas då han var i Bergen.

- I tillegg til å eksportere olje kan Noreg også eksportere intellektuell kapital med oljeforsking som spesialfelt, sa Donald Paul.


Avtale til gjensidig nytte

Forskingsdirektør ved UiB, Kristen Haugland, som var til stades på møtet der avtala vart underskriven seier at dette berre er første steget i samarbeidet med Chevron.

- Vi er svært nøgde med denne avtalen. UiB er dyktige på forsking og utvikling, medan Chevron er svært dyktige på teknologiutvikling. Dette er bakgrunnen for at vi har inngått ein allianseavtale, som vil vere til nytte for begge partar, seier Haugland. Førebels ligg det lite pengar i avtalen, men Haugland trur det vil komme ytterlegare ein avtale der det følger meir pengar med.

- Det er stort grunnlag for utvikling innanfor denne relasjonen. Forsking er på eit lavmål innanfor oljeindustrien og vårt SFF-senter, der vi bygger opp oljerelatert forsking kom såleis i rett tid. Olejeindustrien er svært opptekne av å utnytte den grunnforskinga som universiteta kan bidra med. Vi på vår side vil at vår utdanning og forsking skal vere relevant i høve til dei oppgåvene og problemstillingane som er aktuelle for industrien, seier Kristen Haugland.

Powered by Labrador CMS