Bachelorgraden under lupa

Publisert

I framtida kan HF-studentane klara seg med 20 studiepoeng førebuande fag, meiner fakultetsleiinga. I dag skal fakultetsstyret handsama ei sak om bachelorgraden.

Fag frå første semester, ei ordning som gjer at det er enkelt å kombinera to fag og å gjera det mogleg for alle å byrja på eit fag i haustsemesteret.

Dette ønskjer HF-leiinga seg når fakultetsstyret skal avgjera om dei vil gjera endringar i bachelorgraden. I saka, som første gang var oppe til debatt før jul, heiter det at det har vorte avdekka ein del utfordringar som viser seg å skapa problem for rekrutteringa, særleg til fag to. Dette gjeld først og fremst språkfaga, der ein har eit studieløp med eit progresjonskrav. Slik strukturen er no, har det vore vanskeleg å velja slike fag og samstundes kunne gjennomføra studia med normal progresjon.

– Dekanatet har i denne perioden på ulikt vis prøvd å finna tiltak som vil styrka det faglege innhaldet i graden og som vil gjera det mogleg å sikra rekrutteringa til alle faga våre, heiter det i saksframstillinga.

Eiga form for akademisk skriving?
I tillegg til at det for nokre har vore vanskeleg å få plass til to fag som gir undervisningskompetanse, er det  peika på at studentar fell frå etter første semester. Dette er noko fleire fakultet slit med. Å få inn eit fagspesifikt emne og slik gi studentane høve til å koma i kontakt med fagmiljøet allereie i første semester, er eitt av verkemidla som er testa.

Å minska talet på dei som sluttar, er ein av grunnane til at dekanatet no foreslår å redusera omfanget av førstesemesterstudiet til 20 studiepoeng. Det er 20 studiepoeng som er minstekravet i Universitets- og høgskulelova, og det er slik det er løyst mellom anna ved Universitetet i Oslo.

Reint praktisk vil det bety at dei ti studiepoenga som i dag går med til akademisk skriving, vil verta flytta på. I staden kan ein få inn eit fagleg innføringsemne første semester. Eitt av forslaga fakultetstyret skal diskutera, er om ein skal oppretta eit meir fagspesifikt opplegg i akademisk skriving seinare i graden. Det er det fleire fag som allereie gjer, mellom anna ved Institutt for framandspråk.

Undervisning vår og haust?
Eit anna problem ved bachelorgraden slik han er i dag, er at fleirtalet av program er organisert slik at ein berre kan eller bør starta studiet i vårsemesteret. Dersom ein tek spesialisering på 90 studiepoeng først, er ein klar for å byrja på det andre faget i august.

Spørsmålet er korleis ein skal løysa dette. I nokre av høyringsforslaga som kom inn, vert det peika på at ein bør kunne dublera undervisninga – altså undervisa i same emne både vår og haust. Ein ser òg at dei faga der ein kan byrja både haust og vår, har flest studentar som tek faget som andrefag. Dette gjeld nordisk, historie og religionsvitskap. Samstundes skriv visedekan Jan Oldervoll i sitt notat at ein ikkje kan få ei løysing der alle fag må dublera alt – det vil gjera kostnadane langt høgare.

Ei løysing på problemet kan vera å tilrå at ein tek spesialiseringa til slutt. Det skriv både Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (LLE) og HF sitt studentutval (HSU) i sitt høyringssvar.

Oldervoll er ikkje sikker på om dette er ein god ide:

Han skriv at «det føreset at studentane alt etter tredje semester er sikker på at dei ønskjer underviningskompetanse i to fag. I tillegg risikerer ein fråfall frå program ved at studentar etter fem semester har 60 studiepoeng i to fag, programfaget og andrefaget. Faren er då sjølvsagt at mange vil ombestemma seg og ta 200-nivåemne i andrefaget. (…) Me trur ikkje at effekten av ei sterk oppmoding vil vera særskilt stor.

Vil jobba vidare
Forslaget til vedtak er som følgjer:

Fakultetsstyret godkjenner ein reduksjon av førstesemesterstudium frå 30 til 20 studiepoeng. Dekanen får fullmakt til å laga arbeidsgrupper for å arbeida vidare med spørsmål knytta til dagens førstesemestertilbod, og for å utarbeida forslag til korleis examen facultatum skal organiserast ved fakultetet.

Fakultetsstyret ber om at institutta kjem med forslag til korleis fagemne kan verta innført i førstesemesteret.

Fakultetsstyret ber om at institutta arbeider vidare med strukturen og progresjonen i bachelorprogramma sine slik at studentane vert sikra moglegheit til å velja mellom alle fakutelta sine fag som fag 2 i graden.

Powered by Labrador CMS