Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Medan statsministeren talte inne, stod ei gruppe aksjonistar frå Natur og ungdom utanfor aulaen med banner.
– Me er her for å visa at me ikkje er samde i den politikken statsministeren og regjeringa fører. Dei har sagt ja til dumping av gruveavfall i Førdefjorden, seier Vilja Helle Bøyum.
Ho er leiar i Hordaland Natur og ungdom, og var ein av fleire aksjonistar som hadde stilt seg opp med banner utanfor universitetsaulaen fredag morgon. Inne var det statsminister Erna Solberg som var dagens første talar under Berekraftkonferansen.
– Me meiner at dumping av avfall er i strid med berekraftsmålet om havforvaltning, seier Bøyum.
Dei unge aksjonistane rekna ikkje med at dei fekk koma inn i aulaen, men håpa å få snakka med statsministeren når ho forlet bygget.