Kikki Kleiven frå mat.nat og Ernst Nordtveit frå juss skal jobba tett saman det neste året. Dei er eitt av 22 par, sett saman av mentor og adept.

Kven skulle parast med kven?

Publisert

Dei 22 mentorane og adeptane var spente på kven dei skal jobba tett saman med det neste året. Kikki Kleiven frå geovitskap er svært nøgd med å ha fått ein læremeister frå eit heilt anna fakultet: Ernst Nordtveit frå juss.

– Dersom du spør prosjektleiarane, trur eg dei kan stadfesta at min søknad var ein av dei første dei fekk. Eg sette meg rett ned og skreiv då invitasjonen kom, seier Kikki F. Kleiven.

Ho er førsteamanuensis ved Institutt for geovitskap, og ein av 22 kvinnelege førsteamanuensar som er plukka ut til å vera med i Balanse Bergen sitt mentorprosjekt. Dei 22 kvinnelege adeptane frå UiB, Høgskolen i Bergen og Havforskingsinstituttet har fått kvar sin mentor. Nokre har fått frå same institusjon, men ingen har fått frå same fagfelt.

Målet med prosjektet er å få fleire kvinner inn i toppvitskapelege stillingar.

– Arrangerte ekteskap
– Eg ønskjer meg ein dialog med ein som har gått løpet før, og som kan seia noko om kva som er verd å satsa på og korleis ein kan spissa den faglege profilen, seier Kleiven.

– Eg trur eg kan bidra med å seia noko om motivasjon og profilering. Eg har hatt leiarverv, mellom anna vore dekan, og kjenner systemet godt. Og eg har òg jobba tverrfagleg, seier Ernst Nordtveit.

Han er professor ved Det juridiske fakultetet, og er saman med dei 21 andre mentorane handplukka av leiinga ved dei ulike institusjonane. I løpet av det neste året skal dei 22 para treffast ti gongar. I tillegg vert det tre samlingar for alle deltakarane.

– Mentor skal ikkje ha ei rettleiarrolle. Ofte tenkjer ein på forholdet mellom mentor og adept som eit junior-senior-forhold. Slik er det ikkje nødvendigvis her, sa Anne Marit Skarsbø då prosjektet hadde si første samling torsdag.

Skarsbø er seniorrådgivar hos UiB og leiar prosjektet.

– Finst det eit glastak? Har ein nokre tause kjønnsrolleforventningar? Kan ikkje kvinner? Vil dei ikkje? Eller er det strukturelle forhold som gjer at dei ikkje når toppforskarstillingane, spurte Skarsbø.

Sjølv om målet med prosjektet er å få flerie kvinner til toppstillingar, er det opp til den enkelte å definera sine eigne mål. Det er ikkje sjølvsagt at alle dei 22 vert professorar eller forskingsleiarar.

– Når me no har sett saman par, er det litt som arrangerte ekteskap. Nokre av dykk kan koma til å oppleva at det ikkje fungerer, og det er heilt legitimt med ei skilsmisse utan å fordela skuld.

Det sa Siren Erichsen, rådgiver ved Høgskolen i Bergen og med i prosjektleiinga, før ho para mentor og adept.

– Arv og politikk
– Troll sprekk i sollys, seier Nordtveit.

Både han og Kleiven er samde om at det er lurt at mentor og adept ikkje kjem frå det same fagfeltet.

– Dersom noko av grunnen til at kvinner ikkje når opp er skjulte strukturar, er det lurt at mentor kjem frå ein annan stad. Det er eigne kulturar på det enkelte fakultetet. Og du veit vel kva det eigentlege professorkriteriet er, spør han med eit skeivt smil:

– Det er å vera ein av oss.

Men kva er det? Kleiven er tydeleg på at ho seier nei til ein del typiske kvinneting.

– Dersom ein ser til Bergens forskningsstiftelse og stipendordninga der, har dei eitt kriterium: Kvalitet. Det er mange kvinner som har kome gjennom nålauga der. På institutta handlar det både om arv og politikk. Eg seier nei til typiske kvinneoppgåver som å sitja i komitear, men eg ser at ikkje alle likar at eg gjer det, seier Kleiven.

– Samstundes, sidan fakultetet vårt har få kvinner og berre 13 prosent kvinnelege professorar, vert eg ofte kvotert inn likevel, humrar ho.

13 prosent på mat.nat
Lise Øvreås er professor i biologi og er no med på prosjektet som mentor. For ti år sidan var ho sjølv adept. Prosjektet i 2003-2004 hadde kvinnelege stipendiatar og postdok som målgruppe, og målsetjinga var som no å ha ei auka rekruttering av kvinner til vitskapelege toppstillingar.

– At fakultetet mitt framleis berre har 13 prosent kvinnelege professorar er utruleg skuffande, sa Øvreås i sitt innlegg.

Ho skildra situasjonen sin som eit konglomerat der ho hadde fysisk arbeidsstad ein plass, var knytt til ein annan, og sjølv hanka inn eksterne forskingsmidlar. Samstundes hadde ho to barn og reiste mykje på feltarbeid. Barna vart mellom anna med på sommartur – til Svalbard.

– Eg hadde mentor frå eit heilt anna fakultet, så eg fekk ikkje svar på alle spørsmåla eg hadde knytt til økonomi, tryggleik og ansvar i felt. Men eg lærte mykje om universitetssystemet og om korleis maktstrukturar vert skapte, sa Øvreås.

Vil bygga nettverk
Noko av det Kikki Kleiven håpar ho kan få ut av å vera med på mentorprosjektet, er tips til korleis ho kan bygga nettverk.

– Noko av det mest nyttige eg har gjort på UiB, er kurset eg tok i universitetspedagogikk. Dei eg tok det kurset saman med, er personar eg kan ta kontakt med dersom eg lurer på noko. Eg ønskjer å vera ein tydeleg rollemodell, både på fakultetet, men òg på UiB, og eg ønskjer eit nettverk av forskarar frå min generasjon, seier ho.

Nordtveit seier at han kan bidra med erfaringsoverføring.

– Eg kan fortelja kva eg har gjort feil, eg har ikkje vore veldig fokusert heile tida. Samstundes tek det tid å skaffa seg naudsynt erfaring.

Kvinnene som er med i prosjektet, har langt på veg allereie lukkast. Dei har fått fast jobb i akademia. Sjølv om det i dag er flest kvinner som tek doktorgrad, forsvinn mange av dei etter det, eller etter postdok-perioden. Men Kleiven er oppteken av at det ikkje treng vera berre lett å vera fersk førsteamenuensis heller.

– Det kan vera ein temmeleg einsam jobb å byrja som førsteamanuensis. Det er ikkje automatikk i at nokon byr deg på kaffi.

 

– Mange er spente på kven dei skal parast med, sa prosjektleiar Anne Marit Skarsbø tidleg i programmet. Men først til slutt fekk para setja seg saman. Her er mentor Ernst Nordtveit ag adept Kikki Kleiven, mentor Peter Haugan og adept Kari Soriano Salkjelsvik, mentor Lise Øvreås og adept Jill Hjørnevik. Foto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS