Heidi Lie Andersen og Una Ørvim Sølvik er i dag førsteamanuensar. Dei er med i mentorprosjektet som har som mål å få fleire kvinnelege professorar og forskingsleiarar.

Kvinner på randen av opprykk

Publisert

Dei kvinnelege førsteamanuensane i Mentor-prosjektet har starta arbeidet for å nå professoropprykk. Nokre har allereie søkt.

I april møttest dei 22 adeptane og mentorane deira for første gong. Dei er alle med i mentor-prosjektet, som er ein del av det forskingsrådsstøtta Balanse Bergen.  Den formelle tittelen er «Kjønnsbalanse i forskning og forskningsledelse ved forsknings- og utdanningsinstitusjoner i Bergen». Målet er å få fleire kvinner inn i toppstillingane i akademia.

No har 17 av dei 22 vore på kurs på Lesbos. Dei første opprykkssøknadane vart sendt like etter at kvinnene kom tilbake til Bergen.

– Alle har ikkje søkt om professoropprykk no. Men for  kunne vera med i prosjektet, måtte ein ha ein plan og ein tidshorisont, og ein måtte skildra kor ein sjølv står no, seier prosjektleiar Anne Marit Skarsbø.

– Gåvepakke
Una Ørvim Sølvik har ein plan. Ho er førsteamanuensis ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, og ei av kvinnene som er med på prosjektet.

– Eit halvt år før utlysinga til mentorprosjektet kom, var eg på medarbeidersamtale. Målet som vart sett der, var at eg innan 2,5 år skal vera professor, fortel Sølvik.

Ho seier at ho har publisert meir enn nok for å kunne få opprykk, men har ikkje nok røynsle som rettleiar.

– Då utlysinga til Balanse Bergen kom, var det reine gåvepakken for meg. Eg har vore førsteamanuensis i elleve år, men det var først våren 2014 eg vart gjort merksam på retningslinjene for professorkompetanse. I møta med mentoren min får eg konkrete råd om kva eg før fokusera på for å koma vidare.

Korleis vert kvinner møtt?
– Er det nokre strukturelle barrierer i akademia som gjer at det er vanskeleg for kvinner å nå opp? Korleis vert ein som kvinne møtt av leiarane sine? Vert ein sett? Vert ein løfta fram? Forskingsdelen av prosjektet vil fortelja oss noko om kvinner sine arbeidsvilkår. Men det er nok slik at mange små humpar i kvardagen kan verta ein stor bøyg, seier Skarsbø.

Ho er seniorrådgivar ved HR-avdelinga, og mellom anna ansvarleg for UiB sine likestillingsrapportar. Tala er klare: Kvinner er heime med sjuke barn i større grad enn menn, og menn hentar inn fleire eksterne forskingsmidlar enn kvinner.

– Kvinner møter nok fleire hinder, særleg i samband med svangerskap og fødsel. Dette er noko UiB har jobba mykje med, og fått skryt for, men det er likevel slik at det kan vera vanskeleg å konkurrera på lik linje med menn, trur Skarsbø.

Kvinnene som er adeptar i mentorprosjektet kjem frå UiB, Høgskolen i Bergen og Havforskingsinstituttet. Dei har fått mentorar med ein annan fagbakgrunn enn dei sjølve – heilt bevisst. Turen til Lesbos var første gangen mange av dei trefte kvarandre. Men det kom snart fram at utfordringane deira slett ikkje er ulike.

– Me snakka ein del om kva utfordringar ein møter på instituttet der ein jobbar. Det var godt å få litt perspektiv på ting, det viste seg mellom anna at mange hadde gjort mykje av det ein treng for å verta professor, men mangla mykje på andre kriterium.

Det seier Heidi Lie Andersen. Ho er førsteamanuensis ved Universitetsmuseet, med botanikk som fag.

Vil verta flinkare å seia nei
Andersen var med då UiB hadde eit mentorprosjekt for nokre år sidan. Den gongen var målgruppa kvinnelege stipendiatar og postdoktorar, og målet var at dei skulle kvalifisera seg for fast stilling. Det har dei aller fleste gjort.

– Eg meldte meg no fordi eg har vore litt frustert i jobben min. Me har hatt nedbemanning, og eg synest det er vanskeleg å vita korleis eg skal prioritera. Eg har rett og slett nytte av ein mentor, seier Andersen.

Ho seier at ho nok er lenger unna professortittelen enn Sølvik er.

– Me kvinner er flinke til å ta ansvar. Me kokar kaffi, set inn i oppvaskmaskina og organiserer sosiale tiltak. Ofte handlar det nok om å verta flinkare til å seia nei, trur Andersen.

– Og så handlar det om å strukturera. Eg har fått råd om at eg bør skriva litt kvar dag. Det gjer eg, eg set av eit par-tre timar kvar morgon der eg skrur av epost og ymse varsel og berre skriv, anten på ein artikkel, ein prosjektplan eller ein søknad. Det fungerer godt for meg, seier Sølvik.

Felles problemstillingar
Den neste fellessamlinga for mentorane og adeptane er i desember. Prosjektet varer fram til neste sommar, eller kanskje fram mot neste opprykksfrist i september 2016. I desember kjem midtvegsevalueringa til å verta presentert, saman med dei første forskingsresultata.

– Dei tilbakemeldingane me har fått så langt, har vore gode. Noko av det viktigaste er at kvinnene får eit nettverk seg i mellom. Det var noko av grunnen til at me tok dei med vekk for å få skrivekurs; dei skulle koma seg vekk frå kvardagen og konsentrera seg fullt om skrivinga, seier Skarsbø.

Førsteamanuensane kjem frå heilt ulike miljø. Det gjer òg at det ikkje er eit konkurranseelement mellom dei, på same måten som det kan vera til dømes ved eit institutt eller fakultet.

– Det er noko med å få løfta problema vekk frå eigne skuldrar. Adeptane begynte å snakka på flyet på veg til Lesbos, og dei snakka seg heilt heim att. Eg trur det var godt for dei å få lufta felles frustrasjon og motgang, utan at dei følte at dei konkurrerte om noko, seier Skarsbø.

Anne Marit Skarsbø er prosjektleiar. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS