Banebrytande kunstprosjekt på BBB

Publisert

Grøne lunger er viktig både for trivsel og produktivitet. På Bygg for biologiske basalfag (BBB) kan forskarar og studentar trekke frisk luft i landets første japanske hage.

Den japanske hagen er ein del av kunstutsmykkinga i det nye bygget, og det er Utsmykkingsfondet for offentlege bygg som har ansvaret for prosjektet. Utsmykkingsfondet overtok kunstverket frå kunstnaren fredag 2. mai, i god tid før den offisielle opninga av BBB i september.

I 2002 vart den japanske kunstnaren, landskapsarkitekten og zen-buddhistpresten Shunmyo Masuno invitert til å lage eit kunstprosjekt i form av ein hage til BBB. Oppdraget fekk han etter å ha vunne ein konkurranse med seks andre japanske landskapsarkitektar. Fredag 2. mai var han i Bergen for å leggje siste hand på verket.

– I Japan er det å lage hagar ei kunstform på same måte som kalligrafi og måleri, fortel han.

– Alt handlar om korleis du vil uttrykke deg åndeleg. Nokre uttrykkjer seg best gjennom måleri. For meg er det gjennom hagane mine eg får uttrykt meg som kunstnar.

Japansk hagekunst

Hagen ligg inne i eit atrium i bygget, og består av planter, mellom anna furutre og mose, ein kunstig dam og stein av ulik type og storleik. Alt er plassert med nøye omtanke, og lyskastarar på bakkenivå gjev fine effektar i mørkret. Shunmyo Masuno vonar hagen vil fungere som ein avslappande oase for dei som skal arbeide på BBB.

– Menneska som held til her, arbeider under høgt mentalt press og sterk konsentrasjon. Denne hagen kan hjelpe dei å slappe av innimellom. Eg har prøvd å symbolisere norsk natur i denne hagen: Å ta element frå fjorden og frå Ulriken like bak bygget, og samle dei i dette atriet - å bringe gardsplassen litt tilbake til naturen ved hjelp av kunnskap og filosofi.


Nybrottsarbeid

I arbeidet har han fått god hjelp av anleggsgartnar Wikholm as, som tidlegare mellom anna har rehabilitert området rundt Johanneskyrkja.

– Å gjere det kunstig, men få det til å sjå naturleg ut - det var den store utfordringa, meiner Stein Wikholm.

– Ein centimeter kan gjere stor forskjell. Det gjeld å få det til å sjå ut som om det alltid har vore slik. Eg er mest spent på om mosen kjem til å vekse.

Heidi Ramsvik frå Utsmykkingsfondet fortel at ein japansk hage er eit nybrottsarbeid innanfor offentleg utsmykking i Norge.

– Vi har halde på med planlegging av utsmykkinga på BBB sidan 1999, og denne hagen er eitt av fleire kunstprosjekt her. Å satse på ein japanske landskapsarkitekt er heilt nytt. Tidlegare sa retningslinjene våre at arbeida skulle vere utførte av norske kunstnarar, men slik er det ikkje lenger, sjølv om det framleis er tradisjonen. Her hadde vi eit bygg som trong eit uteområde, og vi meinte at rommet inviterte til ein japansk hage, seier ho.

Kunstprosjektet for BBB omfattar elles mellom anna eit stort glasarbeid og ein lydinstallasjon. Bygget er i ferdigstillingsfasen, og vil bli overrekt frå Statsbygg til UiB 1. september i år.

Powered by Labrador CMS