Barbie i Svanesjøen

Publisert

- Eg vil mellom anna rette fokus på dei tette banda mellom mediene og leiketøysindustrien, seier førsteamanuensis Tone Kolbjørnsen frå Institutt for informasjons- og medievitenskap. Kolbjørnsen er ein av bidragsytarane til Forskarforum under Nordiske TV Dager som vert arrangert i Bergen 5-8 mai.

Forskarforum har barn, unge og medier som tema. Mellom deltakarane er tyske Maya Gõtz som skal snakke om kvifor barn i Tyskland og USA har ulikt syn på Irak -krigen. Eit anna bidrag kjem frå Máire Messenger Davies, frå Cardiff University som skal snakke om kva dei unge lærer av dramaserier.

Alle dei inviterte forskarane vil frå ulike vinklar sjå på kva verdiar og forestillingar som blir formidla gjennom fjernsynsprogram retta mot barn og ungdom – og kva bidrag fjernsynet gjev til sjølvmedvitet og samfunnsforståinga hjå barn. Institutt for informasjons- og medievitskap er programansvarleg for Forskerforum.

Barbie sel Tsjaikovskij – eller Tsjaikovskij sel Barbie?

Med utgangspunkt i dvd- og tv-filmen Barbie i Svanesjøen vil Tone Kolbjørnsen diskutere barns mediekultur med henblikk på kvalitet, smak og estetisk erfaring.

- Filmen Barbie i Svanesjøen er eit tydeleg døme på at mediekulturen til barn er kommersialisert, seier Tone Kolbjørnsen. Den er også et eksempel på mediekonvergens og overlapping mellom ulike kulturelle sfærer: Ei velkjend dokke er hovudperson i ein film der handling og karakterar er henta frå librettoen til Tsjaikovskijs Svanesjøen.

Barbie i Svanesjøen fins dessuten også som pc-spill. Kolbjørnsen stiller spørsmålet om filmen gjev barn innblikk i den klassiske musikkens og dansens verd eller om den berre er ute etter å gje barna økt kjøpelyst.


Det mediekompetente barnet

- Tidligere var forskinga på feltet barn og medier nært knyttet opp mot offentlege debatter om medienes mulege skadelige verknader. Ein opererte her med ei ganske mekanisk oppfatning om påverknad. Dei siste 10-20 åra har forskinga derimot fremheva barn som aktive, kreative og kompetente mediebrukarar.

- Denne forskninga har vore gjort innanfor eit resepsjonsorientert paradigme og har fungert som viktig korrektiv til mykje unaudsynt pessimistisk tenkning omkring dei negative effektene av mediene. På den andre sida har ein gått noko langt når ein nærmest har forkasta tanken om at mediene skulle ha nokon innverknad på det mediekompetente barnet. Fremhevinga av barn som aktive mediebrukarar kan til forveksling minne om praten til kommersielle institusjonar om barn som ’medvitne forbrukarar’.


Konsument eller samfunnsborger

Kolbjørnsen ønskjer å fokusere på det komplekse ved barns mediekultur og meiner at samstundes som ein skal være kritisk til kommersielle kreftene, må ein også ta høgde for at mediekulturen gir barn rikelig av erfaringer som er helt vesentlige for deira utvikling og livsutfalding. Ho nevner Kaptein Sabeltann som døme på eitt kommersielt medieprodukt som tydelegvis treffer småbarn av begge kjønn med ei kraft som kan forundre vaksne.

Spørsmålet om fjernsynet oppdreg barn og unge utelukkande til konsumenter eller om det også fremjer samfunnsforståing og demokratisk kultur, er også temaet når forskarane møter representanter fra bransjen til debatt på Forskerforum. Der vil mellom anna svenske Cecilia von Feilitzen delta. Ho representerer UNESCO’s International clearinghouse on children, youth and media og er i denne samanhengen oppteken av kva lover og etiske retningslinjer som regulerer fjernsynets programproduksjon for barn og unge.


Barne-TV og barnelitteratur

Kolbjørnsen jobbar for tida med eit forskingsprosjekt der ho ser på hvilke programprofiler og publikumsbilder NRK, TV2 og TV3, samt reine barnekanalar som Fox Kids og Cartoon Network opererer med.

- NRK er gode på Barne-TV og har faktisk auka satsinga dei siste åra. Samstundes er dei også kommersielle med Blånisse-effektar og mange andre døme på samanblanding av kommers og kultur. Ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har vi akkurat etablert ei forskergruppe på feltet barn og medier og vi er interessert i deltakarar frå andre fag. Mellom anna er vi interessert i å sjå nærare på tilhøvet mellom barnefjernsyn og barnelitteratur. Dette meiner eg bør utforskast i eit tverrfagleg prosjekt, seier Tone Kolbjørnsen.

Powered by Labrador CMS