Statsråd Solveig Horne talar under statsborgarseremoni. Departementet ho leier har kome med forslag om å endra statsborgarlova, slik at det vert stilt fleire krav til dei som søkjer om norsk statsborgarskap. Foto: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Få svar frå departementet

Publisert

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vurderer å endra nivået på samfunnsfagsprøven ein kan måtte ta for å verta norsk statsborgar. Om prøven, slik han er i dag, kan vera for vanskeleg for enkelte grupper, nektar dei å svara på.

Fleire miljø ved UiB protesterer mot at Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har lagt fram eit forslag til endring i statsborgarlova der ein må bestå ein prøve i norsk og samfunnsfag for å kunne få norsk statsborgarskap. Det skreiv På Høyden fredag.

Noko av det som vert peika på som problematisk, er at nivået på samfunnsfagprøven ligg høgare enn kravet til norskkunnskapar. Det vert òg sagt at mange av dei som i dag søkjer om statsborgarskap; kvinner og menneske på flukt, kan ha store problem med å klara ein slik prøve. Grunnen er manglande eller lite skulegang frå heimlandet.

Frå den politiske plattforma
I morgon går høyrsingsfristen ut. På Høyden har vore i kontakt med departementet, og bede om å få snakka med nokon frå den politiske leiinga. Det fekk me ikkje.

Men avdelingsdirektør Erik Skedsmo i departementet si integreringsavdeling skriv i ein e-post at bakgrunnen for endringsforslaga er regjeringa si politiske plattform. Her heiter det at «alle som søker statsborgerskap skal beherske et minimum av norsk muntlig og gjennomgå en test i samfunnskunnskap. Prøven skal bestås, men med rimelige unntaksbestemmelser».

Fleire forskarar På Høyden har snakka med, seier at ein ikkje har forskingsbasert dokumentasjon på at testar av denne typen fremjar integrering. Departementet skriv det same i høyringsbrevet.

– Kvifor kjem ein då med eit slikt forslag, spurte På Høyden.

Det svara ikkje departementet på.

– Kan vera aktuelt å revidera
Men det Skedsmo seier er at det kan vera aktuelt å revidera samfunnsfagsprøven slik at han ikkje stiller for strenge krav til norskkunnskapar. I forslaget til lovendring heiter det at ein skal meistra munnleg norsk på A2-nivå. Noko av det ein skal meistra då, er å kunne lesa og forstå enkel skriftleg informasjon i til dømes brev, oppslag, brosjyrar og enkle avistekstar. Ein skal kunne gjenfortelja hovudinnhaldet i ei biletbok eller enkel tekst, og ein skal kunne delta i svært kortfatta sosial utveksling, men det er ikkje venta at ein skal forstå nok til å halda samtalen i gang på eiga hand.

Samfunnsfagsprøven, slik denne er i dag, krev eit nivå i norsk skriftleg tilsvarande det som heiter B1. Her er krava langt høgare. Skriftleg skal ein kunne skriva korte, formelle brev med faktisk informasjon og forklaring, ein skal kunne ut elektroniske skjema for ulike formål, og ein skal kunne skriva ein jobbsøknad, eventuelt fylla ut ein elektronisk søknad. Ein skal og kunne skriva ein CV. Munnlege ferdigheiter ein er venta å ha er at ein kan delta i dei fleste daglegdagse samtalar. Ein kan etablera, halda oppe og avslutta ein samtale eller diskusjon, og ein skal kunne presentera seg sjølv og eigen kompetanse.

– Er det nokre grupper som vil ha vanskelegare enn andre for å koma gjennom ein slik test? Kven?

Det svara ikkje departementet på.

Senter for fleirkulturell opplæring ikkje spurt
Fleire fagmiljø ved UiB har sendt inn merknader til høyringa. Men i utgangspunktet var ikkje universitet og høgskular inviterte til å seia noko. Skedsmo skriv at det vart sett opp ei høyringsliste som skulle sikra at departementet fekk alle relevante innspel i høyringa. I tillegg vart høyringsbrevet lagt ut på departementet si nettside, og det vart sendt ut ei pressemelding.

– Då me vart kontakta av Universitetet i Bergen bad me Kunnskapsdepartemetet om å senda ut høyringsbrevet til desse og eventuelt andre som burde få det. Departementet sendte ut høyringsbrevet til UH-institusjonar, Språkrådet og Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring  9. januar i år, skriv Skedsmo.

Her er nokre av spørsmåla På Høyden ikkje fekk svar på. Departementet skriv at ein må koma attende til dei når saka er ferdigbehandla.

– Kvifor skal ein ha ein test i samfunnskunnskap på norsk, når opplæringa ein får gjennom introduksjonsprogrammet går føre seg på eit språk ein kan godt - altså i hovudsak morsmålet?

– Fleire forskarar eg har snakka med, mellom anna ein jussprofessor, meiner at endringa er problematisk fordi enkelte grupper vil ha større problem med ein slik test (pga lite skulegang før ein kjem til Noreg). I grunnlova heiter det at “Ikkje noko menneske må utsetjast for usakleg eller mishøveleg forskjellsbehandling”. Er dette lovforslaget i strid med gunnlova? Og med menneskerettane?

– Handlar forslaget til lovendring om å avgrensa talet på dei som får statsborgarskap?

– Er det slik at ein del av dei som ikkje vil klara ein slik test, likevel vil kunne få varig opphald i Noreg?

– Dersom formålet med endringa er betre integrering: Det finst, ifølgje fleire forskarar eg har snakka med, ikkje forsking som viser at denne typen testar hjelper. I høyringsbrevet skriv departementet det same sjølv. Kvifor kjem ein då med eit slikt forslag?

Powered by Labrador CMS