Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Talet på barn med angstsymptom kan halverast dersom ein legg til rette for betre samarbeid mellom barn og terapeut, viser UiB-forsking.
Ei undersøking utførd ved Instiutt for klinisk psykologi viser at 15 prosent av alle barn i Bergensregionen har angstsymptom. – Dette talet kan halverast om ein arbeider for eit betre samarbeidsklima mellom barnet og terapeuten, seier psykologspesialist Krister Westlye Fjermestad. Som del av doktorgradsarbeidet sitt undersøkte han kva mekanismar som gir best resultat i behandling av barn mellom åtte til 15 år med angstsymptom. Han såg på korleis barn opplever ei terapeutisk behandling dei sjølve har bestemt at dei treng, og kva motivasjon dei har for å bli kvitt angstsymptom. Sosial fobi – Det mest positive funnet frå forskinga var at om lag halvparten av barna blei kvitt diagnosen, og effekten held seg også over eitt år etter behandlinga, seier Fjermestad. Bør delta – Dette viser at det er avgjerande ikkje berre at barnet kjenner seg trygg på, og likar terapeuten, men også at barnet er einig med terapeuten i kva måla ved behandling skal vera, seier Fjermestad. Forhandlingar – Barnet må vite at deira interesser og kjensler er ivaretekne i behandlingssituasjonen, seier han. Motivasjonen – Det er viktig å hugse at barna ikkje sjølv har søkt om å få behandling og dei er kanskje ikkje einige i at dei er psykisk sjuke. Barnet kan til dømes vere motivert til å reise på speidarleir eller fotballtrening og då er det rett å begynne med det, seier Fjermestad.
Barna som deltok i undersøkinga var barn som var blitt henvist av fastlege. Dei hadde anten separasjonsangst, sosial angst eller generell angst. Undersøkinga viste at av dei tre diagnosane var sosial fobi mest utbredt, då nesten halvparten av barna hadde denne diagnosen. Men fleiratalet av barna hadde også fleire av diagnosane.
Artikkelen held fram under biletet. Krister Westlye Fjermestad har gjennomført ei stor behandlingsstudie ved sju barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar på Vestlandet. Hovudmålet med forskinga var å få ei betre utreiing og behandling av angst og angstproblematikk for barn.(Foto: Colourbox)
Eit av dei sentrale tema i forskinga var samarbeidsrelasjonen mellom terapeuten og pasienten. Fjermestad analyserte behandlingsvideoar av barn for å finne ut om samarbeidet mellom terapeuten og barnet kan delast inn i ulike deltema, men han fann at på det utviklingsstadiet barna er så greier dei ikkje å skilje ulike komponentar av samarbeidsforholdet. Dei kan ikkje skilje frå kvarandre om dei er samde med oppgåvene i behandlinga og om dei likar terapeuten, fortel han.
Eit avgjerdande aspekt ved behandlingssituasjonen er at terapeuten må forklare barnet kva som skal skje, og dei må forhandle segimellom om kva målet med behandlinga skal vere.
Fjermestad meiner at vi kan oppnå endå betre resultat frå behandlinga om ein brukar meir tid på å kartleggje korleis motivasjonen til barna er. Det er essensielt at barnet sin motivasjon er på plass for at ein skal få resultat frå terapien. Derfor føreslår Fjermestad at ein begynner med dei aspekta som er sentrale for barnet. For foreldra er det ofte viktig at barnet skal komme seg attende på skulen, men det treng ikkje vere ein motivasjonsfaktor for barna, fortel Fjermestad.