Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kommunikasjonsrådgivar Njord V. Svendsen debuterer som forfattar med barneboka «Bomulv» - ei bok om ein ulv som ikkje er som alle andre.
«Kvar gong dei lo, kjente Bomulv seg meir einsam. Som om det var natt i hjartet».
Slik heiter det på den aller første sida i barneboka «Bomulv». Bomulv er ein ulv som ikkje er som alle andre. Han har ein annan farge, og han kan heller ikkje ula. Dei andre ulvane ertar han for det. Men det er Bomulv som torer å ta turen til den andre sida av skogen. Der vert han venn med sauen Stig.
– Det er ei bok om einsemd og om å vera annleis, om å ikkje passa inn. Samstundes vil eg formidla eit slags håp. Bomulv finn eit mot i seg sjølv og torer å bryta med flokken.
Det seier forfattar Njord V. Svendsen. Til dagleg er har han arbeidsplassen sin på Nygårdshøyden, som kommunikasjonsrådgivar i NSD. Tidlegare har Svendsen vore journalist i mellom anna Bergens Tidende – og På Høyden.
– Eg har alltid likt å skriva, og etter at eg slutta som journalist fekk eg rett og slett skriveabstinensar. Eg vurderte å verta frilansar, men ville heller prøva å få skrivinga over i ein annan retning, seier Svendsen.
Dersom du ikkje et meg, kan vi alltids bli venner
Håpar boka kan lesast av vaksne òg
Boka er illustrert av Akin Duzakin. Svendsen seier at han ønska seg nettopp Duzakin som illustratør. Teikningane i boka er til dels mørke og skremmande, men òg grøne og frodige – til dømes når Bomulv møter Stig og skjønar at det er viktigare å ha ein venn enn å vera mett. Men det er ikkje så lett for ein ulv å sjå vekk frå dei saftige, kjøtfulle sauelåra.
«Dersom du ikkje et meg, kan vi alltids bli venner», seier Stig.
Svendsen seier at han håpar boka kan lesast på fleire nivå.
– Gode barnebøker kan i beste fall det. Eg håpar dette kan vera ei bok vaksne kan ha glede av å lesa for barna sine. Tematikken er ganske klassisk, og eg brukar reisemotivet, som er kjent frå mange barnebøker: Bomulv dreg ut, og kjem så heim med ny kunnskap. Med denne kunnskapen reddar han den fortapte flokken sin.
– Boka skildrar ein einsam ulv, og ein ulv som ser annleis ut. Ein har ein situasjon i verda der mange barn kjem til nye stader og ikkje har sin eigen flokk. Er dette ei politisk bok?
– Det er eit interessant spørsmål, og du er faktisk ikkje den første som nemner det. Eg hadde ikkje tenkt gjennom det aspektet då eg skreiv boka. Ho tek opp nokre grunnleggjande og eksistensielle tema, men samstundes grip ho inn i noko akutt no, seier Svendsen.
Sjølvsagt vert ulven freista når han ser så mykje god mat springa rundt i det grøne. Men vennskapet med sauen Stig vert viktigast for Bomulv, han let sauemor og lamma gå. Illustrasjon: Akin Duzakin/Det Norske Samlaget
Idé frå kona
Sjølve ideen om Bomulv kan han takka kona, Teresa Grøtan, for. Ho er journalist og forfattar, og har mellom anna skrive barnebøkene om Klara: «Klara kan mykje rart om klede» og «Klara kan mykje rart om mat».
– Eg las manuset til «Klara kan mykje rart om klede». Der er det ei scene der Klara lurer på kor bomull kjem frå. Ho veit at ein får ull frå sauen, så då er det jo logisk at ein får bomull frå ein bomulv, tenkte eg. Det kom med i boka. Eg trur eg sa noko slikt som at «kanskje eg no skal skriva ei bok om ein bomulv», smiler Svendsen.
Han seier at han dei siste åra har skrive ein del ting for både skuffe og bossbøtte. Men då ideen om Bomulv begynte å verta tydeleg, tok han kontakt med Samlaget. Forlaget likte ideen, og Svendsen fekk ein redaktør. Det har teke eit par år å skriva boka, som han har skrive i tillegg til å ha full jobb.
– Historia har endra seg undervegs, og har nok vorte meir alvorleg. Eg vil ikkje ha platte stemningar, så eg har stryke ein del slap stick-poeng. Dette er ikkje ei «tjo og hei»-bok, men samstundes er eg oppteken av at alt ikkje skal vera dystert. Eg prøver å balansera det lyse og det mørke, humor og melankoli, stemningar som er meir i slekt enn me ofte tenkjer over.
Svendsen skriv nynorsk.
– Grunnen til det er jo rett og slett at det er det som er språket mitt. Eigentleg prøver eg å ikkje seia noko meir enn det. Men når ein representerer ein minoritet, som eg gjer som nynorskbrukar, vert ein ofte tvinga til å forsvara seg, seier han, og innrømmer at han nok tidvis gjorde ting på trass då han jobba i Bergens Tidende.
– Det førte nok til at nokre sure, gamle fanafolk sa opp abonnementet. Men kanskje fekk avisa òg nokre nye abonnentar som likte nynorsk.
Les òg: Frå godnatthistorie til teaterscena
Skal lesa på Litteraturhuset
Svendsen seier at det mange forfattarar før han har sagt, stemmer: Det er vanskeleg å skriva ei barnebok.
– All skriving vera vanskeleg når ein prøver å uttrykkja noko som er grunnleggjande og ekte. Det mest utfordrande var å få historia til å henga godt saman. Eg har tenkt på meg sjølv som lærling i dramaturgi, seier Svendsen.
Laurdag skal han lesa frå boka på Litteraturhuset. Kva som skjer vidare, veit han ikkje endå.
– Eg er fullt klar over at det er vanskeleg å få merksemd som forfattar, og det er litt tilfeldig kva som når fram. Å få omtale av barnelitteratur i media er særleg vanskeleg. Barnelitteratur vert ofte oppfatta som noko litt annanrangs, òg i litteraturverda. Eg meiner det viser at ein ikkje tek barna, og heller ikkje forfattarane av desse bøkene, på alvor.
(Journ.anm: «Bomulv» vart meldt i BT fredag 8.april)