Barnehageeigar melde ikkje sidegjeremål

Toppen barnehage i Sædalen har fått kritikk i pressa dei siste vekene. Eigaren er tilsett ved UiB, men har ikkje meld verksemda inn som sidegjeremål.

Bergensavisen og Bergens Tidende har skrive om barnehagen, som fleire foreldre har tatt ungane ut frå den siste tida. Klagene går mellom anna på manglande pedagogisk kompetanse hos dei tilsette, og dårlege norskkunnskaper som vanskeleggjer kommunikasjonen.

Håvard Storetvedt eig familiebarnehagen, som blir drive i kjellaren på huset hans i Sædalen. Storetvedt jobbar som avdelingsingeniør på Institutt for indremedisin, men har ikkje oppgitt barnehageverksemda som sidegjøremål til UiB. Han skal ha henta ut 1,5 millionar kroner i form av overskot frå barnehagen dei fem siste åra. Reglane for sidegjeremål blei vedteke av universitetsstyret i 2006, og alle tilsette har blitt bedne om å rapportere verv, arbeid og andre gjeremål som kan komme i konflikt med jobben deira på UiB. I 2010 blei dei tilsette bedne om å oppgi alle sidegjeremål.

I 2010 blei dei tilsette ved Det medisinsk odontologiske fakultet  bedne om å oppgi alle sidegjeremål. På Høyden får opplyst at Storetvedt ikkje oppga noko, sjølv etter å ha blitt purra.

Skal meldast
Avdelingsdirektør ved Personal- og organisasjonsavdelinga, Line Rye, vil ikkje kommentere sidegjeremål for den navngitte tilsette til På Høyden.

Ho seier på generelt grunnlag at sidegjeremål skal meldast til arbeidsgjevar slik det er bestemt i UiB sitt reglement. Det er den tilsette som i hovudregel skal ta initiativ for å opplyse om slike aktivitetar. Formålet med reglane er å gjere grensene for moglegheiter til å ha sidegjeremål klare, samt verne om universitetet sitt omdømme og dei tilsette sin tillit og integritet.

– Ein bør ta kontakt med arbeidsgjevar om arbeid ein gjer utanom UiB. Slikt arbeid kan gå ut over UiB på grunn av tids- eller ressursbruk, eller fordi det er konkurrerande verksemd, seier Rye.

Det er også reglar for handtering av mulege interessekonfliktar om sidegjeremål mellom UiB og tilsette, seier Rye.

Etter kva På Høyden erfarer vurderer UiB no om Storetvedt si barnehagedrift kan kombinerast med jobben hans på UiB, særleg når det gjeld tidsbruken. Han har og oppgitt sin jobbepost som kontaktpunkt for foreldre som vil søkje plass på nettsidene til Bergen kommune.

Avdelingsdirektør Line Rye minnar om at det er kvar tilsett som har plikt til å varsle UiB om sidegjeremål. Foto: Dag Hellesund

– Har varsla UiB
Overfor På Høyden stadfestar Storetvedt at han ikkje har meld barnehageverksemda inn som sidegjeremål.

– Men eg har diskutert det med personalavdelinga tidlegare, og UiB har blitt gjort merksame på det ved fleire høve. Mi oppgåve er berre å betale ut løn, tilsetje folk og den slags, seier Storetvedt, som innrømmer at barnehagedrifta har vore tung i det siste.

– Men korfor brukar du jobbkontoen din som kontaktadresse for barnehagen?

– Eg ga for fleire år sia beskjed til Bergen kommune om at det måtte endrast. Men det hender stadig at eg får litt reklame og slikt til den adressa.

– Korleis går det med barnehagedrifta?

– Akkurat no går det ikkje så bra, men tidlegare har vi alltid hatt fullt hus. Mitt inntrykk er at det nærmar seg val om eit år. BT har gitt meg høve til å svare på kritikken, men BA har gått heilt av hengslane i dette, så dei snakkar eg ikkje med.

Powered by Labrador CMS