Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
— Kva tiltak vil statsråden ta i bruk for å sikre likeverd i musikkterapitilbod nasjonalt, der den musikkterapeutiske kompetansen blir ein integrert del av tenestene i større grad enn i dag?
Dette spørsmålet stilte stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) frå Stortingets talarstol førre veke. Spørsmålet var retta til helseminister Bent Høie (H).
Musikkterapi er kome inn i statlege retningslinjer for tilrådd behandling for både psykoselidingar og rusproblem.
– Dette er en milepæl. Det er aller første gang norske helsemyndigheter sender så klare signal om verdien og effekten av musikkterapi, sa Brynjulf Stige, professor i musikkterapi, til På Høyden då retningslinjene vart endra i 2013.
Men framleis er det ikkje veldig mange musikkterapeutstillingar i Noreg. Hans Petter Solli, som På Høyden tidlegare har intervjua om hans forskingsprosjekt knytt til rus og psykisk helse, skriv i ein kronikk i Dagens medisin at det berre er 30 musikkterapeutstillingar knytt til psykisk helse i Noreg.
Utdanninga kan ein òg få berre to stader: Ved UiB og Musikkhøgskolen i Oslo.
Høie sa i sitt svar at han deler Toppes intensjon om å kunne tilby musikkterapi i heile landet. Men han sa òg at han ikkje vil gå inn i spørsmålet om behandlingsform. Dette er opp til kommunane og helseføretaka, som har ansvar for planlegging og drift av tenestene på kvar sine nivå.
— Musikk kan både vera ein del av miljøterapeutene sitt arbeidsområde og verta gitt som eit tilbod som krev spesialisert musikkterapikompetanse. Ved å bruke musikk i behandlingen vert menneske sine eigne ressurser meir aktiverte, og me veit at mange pasienter kan redusera bruken av medisin. Det er også dokumentert redusert bruk av tvang, sa Høie.
Men musikkterapi skal ikkje vera eit fritidstilbod, sa Geir Sigbjørn Toskedal (KrF). Han støtta Toppe, og viste til eigne rørsler frå Karmøy, der han har vore kulturskulerektor i ei årrekkje.
— Eg har hatt gleda av å både tilsetja og jobba saman med musikkterapeutar. Musikkterapi skaper livsglede og kan gi høgdepunkt i eit vanskeleg tilvere, sa Toskedal.
— Eg meiner ein burde kunne fått musikkterapi på resept.
— Det er kanskje det som må til for at me skal kunne få fleire av dei, sa Toppe.
Ho viste til at det i 2017 var 300 musikkterapeutar i Noreg, og meiner ein treng dobbelt så mange.