Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Nesten 800 doktorgradskandidatar har i desse dagar fått tilsendt eit elektronisk spørjeskjema om korleis dei opplever helse- og arbeidsmiljøet sitt. Resultata frå denne undersøkinga skal munne ut i framlegg til konkrete tiltak for å betre arbeidsmiljøet for kandidatane.
– Det har vore fleire lokale og nasjonale evalueringar av forskarutdanninga, og konklusjonen har vore at gjennomstrøyminga er lågare enn ein kunne ønskje. Men i desse evalueringane har det ikkje vore så mykje fokus på HMS-arbeid, og difor har vi no sett i gang denne undersøkinga, seier underdirektør ved HF-fakultetet, Trine Moe. – Vi har fått over 250 svar på skjemaet, men vil gjerne ha fleire, seier Moe, som reknar med at utvalet kan sende sine framlegg til universitetsdirektøren før jul.
Moe sit i utvalet som skal vurdere kva helse og arbeidsmiljø har å seie for gjennomstrøyminga i doktorgradsstudiet. Basert på tilbakemeldingane frå kandidatane, skal utvalet kome med framlegg til konkrete tiltak, som så skal gjennomførast i det som står att av perioden for den strategiske HMS-planen ved UiB. Denne planen gjeld for perioden 2002-2005.
I samband med kvalitetsreforma vedtok ein i sommar eit nytt reglement for PhD-graden, der ein har prøvd å rette opp ein del ting som ikkje fungerte godt i det gamle reglementet. Mellom anna blir det no lagt meir vekt på at doktorgradskandidatane skal integrerast sterkare i fagmiljøa. No ber ein altså kandidatane om hjelp til å finne ut kva for andre ting ein kan rette på innanfor HMS.
Inviterer til diskusjon
– Vi veit mellom anna at fleire ønskjer seg betre informasjon i startfasen av doktorgradsstudiet, og meir kunnskap om kvar ein skal vende seg for å få hjelp. Betre tilretteleggjing for utanlandsopphald er også noko ein kan gripe fatt i. Men elles vil vi vente til undersøkinga er over før vi dreg konklusjonar om kva som skal gjerast.
I samband med arbeidet vil det bli eit ope møte tysdag 4. november, der resultata frå undersøkinga vil bli lagt fram til diskusjon og nye innspel vil bli fanga opp. Her er alle kandidatane inviterte til å møte opp. Møtet vil finne stad på Sydnesplass 12, rom 209, den 4. november klokka 12.15.
Spørjeskjemaet er sendt ut både på norsk og engelsk. Om nokon ikkje har fått tilsendt skjema, kan dei kontakte Lars Helge Nilsen ved Utdanningsavdelinga. Frist for å svare på skjemaet er måndag 27. oktober.