Ber studentar stemme Grønmo

Publisert

Onsdag 1. april får Rune Nilsen, instituttleiar ved Senter for internasjonal helse, kritikk for å oppmode studentar og forskarar ved senteret å stemme Reed i rektorvalet. Oppmodinga kom i ein e-post med informasjon om valet på engelsk. Rune Nilsen tok kritikk på dette, og innrømte at han ikkje burde ha tatt med sin eigen kommentar i det som var meint å vere ein informasjonse-post. 

Som svar på dette, gjekk det onsdag ettermiddag ut ein e-post ved institutt for informasjons- og medievitskap sendt med oppmoding til alle sine studentar om å stemme på Sigmund Grønmo i valet:

”Det er blitt kjent at ledelse og ansatte på de tre fakultetene Medont, Matnat og Juss har oppfordret studentene til å stemme på rektorkandidat Reed.

I denne situasjonen er det både rett og rimelig at studentene ved Infomedia får vite hva som er vår holdning til valget.”

E-posten er tilsynelatande signert fjorten tilsette ved instituttet, ein stor del professorar og forelesarar.

Instituttleiar Dag Elgesem kjente ikkje til e-posten før På Høyden tok kontakt. Elgesem meiner likevel at e-posten er innafor rammene av kva ein må tole slik valkampen har blitt.

– Nilsen fekk kritikk for å legge press på studentane, kva meiner du om at forelesarar ved Infomedia no gjer det samme?

– Det er uvanleg, men dei har ikkje ein formell posisjon til å gjere dette frå. Dei signaliserer sitt standpunkt. Eg synest ikkje dette er utilbørleg press, studentane er vaksne menneske som kan ta sine eigne standpunkt. Det som er uheldig er at det her vert gitt eit inntrykk av at alle lærarar ved Infomedia støttar Grønmo, det er det ikkje sikkert at det er, seier Elgesem.

– I e-posten vert det påstått at leiinga og tilsette ved tre fakultet har gått ut til sine tilsette. Ut frå saka i På Høyden er dette overdrive. Synest du ikkje dette er spesielt sidan det nettopp kjem frå medievitarar?

– Gehalten i det som står, veit eg ikkje noko om. Det har blitt ein så tilspissa debatt med tydelege frontar at det ikkje over grensa for det me må godta, sjølv om det er uvanleg. Eg kunne rett nok ha ønskt at argumenta som vert brukt  i e-posten var meir nyanserte, seier Dag Elgesem.  

 

Les også: Instituttleiar får kritikk

 

 

Powered by Labrador CMS