Utsleppa til den reisande UiB-rektor Dag Rune Olsen overstig med god margin rektorane ved fleire av dei andre universiteta i landet. Olsen har flydd for tilsvarande 27 tonn CO2 i løpet av siste året. Grafikk: Nyhetsgrafikk.no

Klimarektor Olsen på CO2-toppen

Publisert

Rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, har fire gonger større klimaavtrykk enn nordmenn flest. Han er også klimaversting blant rektorane.

Universitetet «skal gjennom systematisk innsats innen alle relevante miljøaspekter, gjøre sin del for å bidra til at verden når langtidsmålene i Parisavtalen og begrenser global oppvarming til 1,5 °C». Slik står det i Universitetet i Bergens (UiB) handlingsplan for ytre miljø (2018 -2022).

FN-dagen 24. oktober kom pressemeldinga om at Universitetet i Bergen blir offisielt knutepunkt for eitt av FNs 17 berekraftmål – det som handlar om liv under vatn. Berekraft er blitt refrenget i UiBs strategiske satsingar og profil. «Vi menneske er nøkkelen til suksess», sa rektor Dag Rune Olsen frå talarstolen under Berekraft-konferansen i februar i år.

På Høyden kan avsløre at ein ting ikkje er berekraftig: rektors eigne flyreiser.

Australia, Japan, Kina, USA

På Høyden har rekna ut klimafotavtrykket til rektorane ved dei fire største forskingsuniversiteta i landet, på grunnlag av ein oversikt over flyreisene det siste året. Rektor ved berekraftuniversitetet UiB har den klart tyngste klimabagasjen:

Med å ta høgde for dei spesielle klimaeffektane av flyreiser, som kondensstriper, vassdamp og nitrogenoksid, er klimaavtrykket til rektoren ved Universitetet i Bergen det siste året på minst 27 tonn.

Det svarer for eksempel til mellom 15 og 20 års gjennomsnittleg bilkøyring. Eller smelta sjøis i Arktis tilsvarande arealet i ei mellomstor Røroshytte (90 kvm).

I løpet av 2018 har Dag Rune Olsen mellom anna reist til USA, Australia, Sør-Afrika, Japan og til Kina – tre gonger. Han har også vore på dekantur til Roma, og gjort ei rad reiser til ulike europeiske destinasjonar, i tillegg til reisene innanlands.

Ifølgje UiBs eiga rapportering var flyreiser den største kjelda til CO2-utslepp ved universitetet.

– Eit leiaransvar

 –  Universiteta våre burde vere i front, ikkje berre i forsking omkring klima, men også når det gjeld å få ned klimagassutsleppa i eiga verksemd. Dét er primært er eit leiaransvar, fordi ein må gripe fatt i dette på systemnivå, seier professor emeritus ved UiB, Gunnar Kvåle, til På Høyden.

Universiteta våre burde vere i front

Kvåle har i mange år engasjert seg i klimakampen, mellom anna i Concerned Scientists Norway. I seinare år har Kvåle også vore med i Besteforeldrenes klimaaksjon. Han er ikkje overraska over klimagassavtrykket knytt til universiteta. Desto viktigare er det med handling, meiner han.

– Det er viktig at tilsette på alle nivå reduserer reising med fly, sidan eg har forstått at universitetet etter planen skal vere klimanøytralt innan 2030, seier Kvåle.

På Høyden har brukt klimakalkulatoren til FNs luftfartorganisasjon (ICAO) for å rekne ut klimaavtrykket. Denne kalkulatoren inkluderer ikkje andre klimagassar (ekvivalentar) enn CO2, som ved flyreiser utgjer ein vesentleg del av utsleppa som bidrar til global oppvarming. For å kalkulere meir reelle klimagassutslepp knytt til flytransport er det lagt til 80 prosent på utsleppstalet frå kalkulatoren. I OIsens tilfelle var det på nær 15 tonn. Universitetet i Oslo legg i eigne rapporteringar til 90 prosent.

Olsen = 4 x Ola Nordmann

Kvar innbyggar i Noreg står for 8,6 tonn CO2-ekvivalentar årleg (2016). Av dette er under 1 tonn knytt til innanriks flyreiser. Resten kjem frå mat, bustad, forbruk og annan transport. I tillegg kjem internasjonale flyreiser.

Totalt sett er Dag Rune Olsens klimaavtrykk omlag fire gonger høgare enn for ein gjennomsnittleg nordmann.

Olsen er, i stillinga som rektor, ikkje ein gjennomsnittleg innbyggar. Dei fleste vil meine at ein del reising er nødvendig og legitimt for leiaren av eit internasjonalt orientert universitet. Men samstundes er rektor i ein statistisk kategori som står for storparten av flyreisene, også i privat samanheng: Klimaavtrykket til dei 20 prosentane med høgst inntekt i Noreg klimaavtrykk er 240 gonger større enn dei 20 prosentane med lågast inntekt.

Også samanlikna med rektorane ved NTNU og universiteta i Oslo og Tromsø er rektoren frå berekraftuniversitetet UiB klimaversting.

Nærast Olsen kjem NTNUs rektor Gunnar Bovim. I løpet av perioden frå desember 2017 til desember 2018 er Bovim ansvarleg for utslepp av 18 tonn (18 277 kg), basert på data På Høyden har fått tilgang til.

Oslo, Oslo, Oslo, Oslo

NTNU-rektoren har ikkje reist på så mange lange utlandsturar som sin kollega i Bergen. Han er derimot ofte i hovudstaden. 41 gonger sjekka Bovim inn på Oslo-flyet i løpet den eitt år lange perioden På Høyden har sett på. Mange av reisene var knytt til styremøter i Oslo universitetssykehus/Helse Sørøst, der Bovim er leiar.

Dette behovet har ikkje rektoren ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, som har reist på seg knappe 14,4 tonn CO2-ekvivalentar. Heller ikkje han har hatt dei store globale ekspedisjonane, med unntak av delegasjonsreisa for UH-sektoren og ein tur til Tokyo og San Fransisco tidlegare i haust. Han har vore to gonger i Trondheim.

Rektor ved Universitetet i Tromsø, Anne Husebekk, har også reist til Oslo, om ikkje like ofte som NTNU-rektoren. I løpet av året frå desember 2017 til desember 2018 reiste ho Tromsø-Oslo 17 gonger.

Husebekk har slept ut 18,5 tonn klimagassar gjennom flyreisene sine siste året. Ulikt Olsen, har dei fleste turane gått innanlands. UiT-rektoren hadde berre to utanlandsreiser i perioden, den lengste gjekk til Beijing og vidare til Shanghai og deretter Anchorage i USA/Alaska, før heimreisa.

– Tal på flyreiser drastisk opp

Ifølgje UiBs eigne tal var klimagassutsleppet for flyreiser for ein tilsett på universitetet i 2017 på 0,53 tonn (CO2-ekvivalentar). Sett i forhold til dette talet bidrar rektor med 50 gonger meir utslepp i atmosfæren. Det blir likevel ei upresis samanlikning, sidan nokon tilsette reiser langt meir enn andre. I tillegg er det reelle utsleppet per tilsett høgare enn det som blir rapportert i dag.

UiBs statistikk viser at det vart bestilt 6234 flyreiser i 2017 gjennom reisebyrået Berg-Hansen, som dei tilsette i utgangspunktet skulle bruke. Men mange bestiller utanom.

Vi reknar med at talet på flyreiser vil gå drastisk opp i statistikken for 2018

 – Vi reknar med at talet på flyreiser vil gå drastisk opp i statistikken for 2018, seier Inki R. Brown, som er leigd inn frå selskapet Emisoft for å lage klimarekneskap for UiB.

Det føregår akkurat no eit arbeid for å innhente informasjon frå systemet for reiserekningar for på den måten å få ei fullstendig oversikt over flyreisene, og dermed utsleppa frå universitetstilsette ved UiB. Komplette data for klimagassutslepp skal i sin tur brukast til å utarbeide universitetets komande planar for berekraft.

Både NTNU og UiO har meir detaljerte og raffinerte klimarekneskap per i dag enn UiB.

UiB var det første store universitetet som vart sertifisert som såkalla Miljøfyrtårn i 2015. På område som bruk av eigne bilar og energiforbruk har UiB lykkast i å redusere dei kjende CO2-utsleppa med 87 prosent sidan 2009. Flyreiser og innkjøp av andre varer og tenester utgjer likevel den klart største delen av UiBs klimagassutslepp.

– Ekte dilemma

Dag Rune Olsen seier til På Høyden at han frykta for at klimaavtrykket hans var endå større, med all reisinga han har hatt siste året.

– Klimagassutsleppa er den mest urovekkande konsekvensen ved engasjementet og ved å vere tilstades internasjonalt. Det er eit ekte dilemma og ei ekte utfordring, seier han.

Det er eit ekte dilemma og ei ekte utfordring

På spørsmål om alle reisene har vore nødvendige, svarar Olsen dette:

– Nokon reiser er det lettare å måle resultata av enn andre. Men i alle fall to viktige internasjonale avtalar for universitetet ville ikkje blitt realisert dersom eg hadde latt vere å reise. Men dette er sjølvsagt noko ein kan diskutere, også langtidseffektane. Eg veit for eksempel ikkje om det ville blitt mindre samarbeid med Sør-Afrika dersom eg ikkje hadde reist dit i haust.

Neste år blir det mindre reising, trur Olsen, men rektoratet har alt planlagt neste tur. Kvart fjerde år reiser dei på ein studietur. Neste år går den til Boston, USA.

I tillegg til å satse tungt på berekraftsmåla, huser Universitetet i Bergen internasjonalt leiande klimaforskarar gjennom Bjerknessenteret. UiB-forskarar har fleire gonger vore bidragsytarar til rapportane frå FNs klimapanel IPCC.

I den førebels siste rapporten, som vart lagt fram i oktober i år, er perspektiva dystre. For å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 gradar samanlikna med førindustriell tid, slik Paris-avtalen legg opp til, må klimagassutsleppa reduserast med 40 til 50 prosent innan 2030.

Sjølv med dette nær uoppnåelege målet vil konsekvensane av den globale oppvarminga vere svært alvorlege.

Har ikkje noko løysing

Representantar frå 200 land forhandlar akkurat no i Katowice i Polen for å prøve bli einige om korleis Paris-avtalen kan realiserast. Samstundes presenterer ein fersk rapport tal som viser at dei globale klimagassutsleppa truleg vil auke med 2,7 prosent i 2018, mot 1,6 prosent i 2017.

Ifølgje strategien for 2016-2022 skal UiB gjere sin del, og klima framleis vere eitt av tre hovudsatsingsområder. Når måla i dei komande berekraftsplanane kjem inn for landing, skal universitetet vere klimanøytralt – om 11 år. Korleis universitetet skal klare dette, veit ikkje rektor:

–  Det er riktig å seie at vi så langt ikkje har noko løysing.

Sjå kor Dag Rune Olsen har vore i år.

Kjelder: ICAO, myclimate.org, UiB, NTNU, UiT, CICERO, globalcarbonatlas.org, energiogklima.no, miljostatus.no, sciencemag.org, www.ipcc.ch

Klimarekneskap

* På Høyden har brukt klimakalkulatoren til FNs luftfartorganisasjon (ICAO) for å rekne ut klimaavtrykket frå flyreisene til universitetsrektorane. Denne kalkulatoren inkluderer ikkje andre klimagassar (ekvivalentar) enn CO2, som ved flyreiser utgjer ein vesentleg del av utsleppa som bidrar til global oppvarming.

* For å kalkulere meir reelle klimagassutslepp knytt til flytransport (radiative forcing index, RFI), bør det leggast til 80 prosent på utsleppstalet (CICERO). Universitetet i Oslo legg på 90 prosent (Miljørapport 2016).

* Som grunnlag har På Høyden brukt reiserekningar i perioden 1. desember 2017 – 1. desember 2018. Vi har ikkje hatt tilgang til bilag og derfor ikkje alle eksakte reiseruter. Vi har då kalkulert med utgangspunkt i antatt kortaste reiseruter. Reiser med bil, tog eller anna i samband med flyreiser er ikkje tatt med.

* Når Statistisk sentralbyrå rapporterer til norske styresmakter er det i CO2-ekvivalentar. Utslepp av CO2 stod i 2017 for 83 prosent for dei norske utsleppa, resten var andre klimagassar og partiklar.

* Alle klimarekneskap er upresise på grunn av dei mange variablane som kan reknast inn og dei ulike måtane dei kan reknast ut på.

Powered by Labrador CMS