Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
— Dette må vere tiåret der vi går frå ord til handling, frå inacation til action, som er tema på konferansen, seier leiar for den nasjonale SDG-konferansen, Annelin Eriksen. Ho er viserektor for globale relasjonar ved Universitetet i Bergen, som er vertskap for konferansen. SDG er ei forkorting for Sustainable Development Goals, på norsk berekraftsmåla.
Nytt av året er lansering av ei årleg «The Bergen SDG Lecture». I år er det Peter Messerli som får oppdraget. Han er direktør ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Bern i Sveits og leia arbeidet med FNs Global Sustainable Development Report i fjor.
FNs generalsekretær, António Guterres, har åtvara om at verda ikkje ligg an til å nå berekraftsmåla (SDG – Sustainable development goals) – ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, jobbe mot ulikskap og stanse klimaendringane innan 2030. Måla vart vedtekne av alle FN-land i 2015. FN-rapporten peikar på fire kriser; klima, biodiversitet, avfall og auka ulikskap. På alle område ligg verdas land dårleg an i arbeidet med å nå måla som er sett.
Eriksen meiner konferansen i år har ei svært brei tilnærming, og på programmet står toppfolk frå akademia, industri- og teknologimiljø frå dei fleste kantar av verda.
I fjor tok Eriksen og konferansen sjølvkritikk for å mangle representantar frå ikkje-vestlege land, samstundes som tema då var global ulikskap.
— I år meiner eg vi har ein betre balanse, seier Eriksen.
Ein av dei som stiller er den sørafrikanske universitetsleiaren Adam Habib, som i fjor måtte kansellere.
Dagen før hovudkonferansen går Day Zero av stabelen, eit breiddearrangement med meir enn 30 arrangement.
— Det er meir enn dobbelt så mange som i fjor, og her er det noko for ein kvar smak, seier Eriksen.