Det er ikkje berre seremoniane ved semesterstart som har fylt Muséplass til trengsel: “De tilstødende Veie og Marker vare som oversaaede af mennesker, deels fra Byen og nærmeste Omegn, deels fra det øvrige Land og fra Udlandet”, skreiv avisa Skilling-Magazin om Fiskeriutstillinga som vart arrangert på museet. Foto: Knud Knudsen, gjenbrukt med løyve frå Spesialsamlingane i Bergen/Marcus.

Då Bergen var ein marin hovudstad

I dag er dørene til Naturhistorisk museum stengt. Men for 150 år sidan hadde museet ei utstilling som vekte oppsikt langt inn i den amerikanske kongressen.

Heile 24 000 menneske besøkte «Den Internasjonale fiskeriudstilling i Bergen» som opna i august, 1865. Dette var rekna som ei enorm hending for byen Bergen, som på denne tida hadde 27 000 innbyggjarar.

– Det nye fiskeriet var den tida si oljealder, seier Knut Olav Aslaksen frå Universitetsmuseet. Saman med Marianne Paasche og Ola Søndenå frå Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket har han laga nettutstillinga «Hvalfart» til Bergens Museum 1865.

Paris fekk Eiffeltårnet. I London vart Crystal Palace bygd. Bergen tok i bruk Universitetsmuseet for å huse byens første fiskeriutstilling i 1865.

Snudde byen på hovudet
Den 7. august 1865 var det høgtideleg opning av utstillinga. Dette var to år før museet skulle stå heilt ferdig. På opningsdagen heldt butikkane stengt. Utstillingskomiteen, byens autoriteter og besøkande prominenser gjekk i stille prosesjon frå Børsen til museet, der 6000 menneske var samla for å sjå på opninga av fiskeriutstillinga

– Oslopressa ironiserte litt over pompøsiteten i utstillingsopninga, seier Ola Søndenå.

– Opninga var høgtideleg fordi dette var verkeleg stort, seier Knut Olav Aslaksen.

Utstillinga var internasjonal, og hadde 474 utstillarar med bidrag frå om lag 20 land.

Medalje til Møllers tran
Samlinga fortel om ei tid der fiskeriet var i endring. Garna til fiskarbonden vart erstatta av større båtar, som med industrielle metodar henta fisk opp frå havet.

Ein fann også nye metodar å foredle fisken på.

– Petter Møller, ein apotekar frå Røros, fann ut at ein kunne dampkoke fiskelever i staden for å koke han. Det førte til at Møllers tran fekk sitt gjennombrot. Under Fiskeiutstillinga fekk han Selskabet for Norges Vel sin gullmedalje for den nye framstillingsmetoden, fortel Marianne Paasche.

Utstillinga blei heldt to år før museet hadde si offisielle opning. Kvalsalen sto klar, og blei brukt som utstillingslokale for matvarer, fisk og fiskeutstyr. (Xylografi fra Illustreret Nyhedsblad 17. september 1865, gjenbrukt med løyve frå Spesialsamlingane ved UiB/Marcus.)

Brevet frå Lincoln
Samlinga av båtar, fisk, fiskereiskapar og produkt frå havet var ei hending som vekte internasjonal merksemd.

Også ein av verdas mektigste menn fatta interesse for utstillinga.

– Eg har funne eit notat skriven av Abraham Lincoln til Senatet og Representantane sitt hus der han informerer om den internasjonale fiskeriutstillinga som skal opnast i Bergen same sommar, seier Knut Olav Aslaksen.

Lincoln førte brevet i pennen to 12. februar 1865, to månader før han blei drepen i Fordteateret.

Orienteringa frå Lincoln blei lesen opp i utenrikskomiteen i Kongressen 14. februar. Kort tid etter vedtok Kongressen en resolusjon der dei påla presidenten å gjere den internasjonale utstillinga kjend for det amerikanske folket.

– Utstillinga i 1865 var ein viktig arena for handel, industri og teknologi. Bergen var rekna som ein naturleg vert for ei utstilling som omhandla dette, seier Knut Olav Aslaksen.

– Leit  at museet står tomt
– No er museet stengt på ubestemt tid. Det er vanskeleg å sjå utstillinga dykkar lausrive frå debatten omkring lukkinga?

– Di lenger tid det går før museet opnar igjen, di lettare blir museet gløymt. Det er synd, museet har så mykje som mange kan ha glede av, seier Marianne Paasche.

Teamet bak utstillinga er ikkje aleine om å beklage at Naturhistorisk museum ikkje fekk løyvinga som trengtes for å opne dørene igjen. Museumsvener har demonstrert mot stenginga. Under hashtaggen #mittmuseum på Instagram ligg det per august 2015 238 bilete som hyllar samlingane og bygget. På Twitter utrykker óg studentar, uib-tilsette og byborgarar eit klart ønske om at tigrar og kvalskjelett skal returnerast til Muséplass.

– Det er leit at eit museum av denne storleiken, og med den historiske betydninga det har hatt, skal stå tomt, seier Knut Olav Aslaksen.

Kvalsalen vart i 1865 brukt som utstillingslokale. No er dørene låste.

– Dette er av dei eldste bygga med ein slik historie, mange av dei øvrige er rivne, seier Knut Olav Aslaksen. Men kvalsalen står.

– Men den er stengt?

– Den er stengt.

Ola Søndenå, Marianne Paasche og Knut Olav Aslaksen har laga nettutstillinga «Hvalfart» til Bergens Museum 1865. Foto: Ida Bergstrøm
Powered by Labrador CMS