Bergen Student-TV slet økonomisk etter at kvinnen underslo rundt halve årsbudsjettet for 2015.

Må sone etter underslag i student-TV

Publisert

Den unge kvinna stakk av med halve årsbudsjettet til BSTV. Straffa blei 90 dagar i fengsel, og halvparten på vilkår.

Den tillitsvalde studenten underslo tilsaman 155 593 kroner frå Bergen Student-TV, og er dømt til å betale tilbake heile summen i løpet av to veker, melder NRK. I tingretten tilsto ho underslaget, som foregikk gjennom kontantuttak, varekjøp og direkte overføringar frå Bergen Student-TVs bankkonto direkte til hennar eigen. Det straffbare handlingane skjedde mellom februar og august 2015. 

Tingrettsdommen er på 90 dager, og halve straffa er på vilkår. Dermed må kvinna i utgangspunktet sone 45 dagar i fengsel for underslaget. 

– Når det gjeld domen føler vi at han er rettvis. Vi synest det er fint at dei slår såpass hardt ned på den typen kriminalitet. Når det kjem til tilbakebetaling har vi enno ikkje registrert innskot av nemnd beløp på kontoane våre, seier dagleg leiar i BSTV, Yasmin Moussavi, til NRK

Trass i ein svært vanskeleg situasjon etter underslaget på omkring halve årsbudsjettet på 300 000 kroner har BSTV klart å halde fram med sendingane sine. 

Powered by Labrador CMS