Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Bergen Student-TV må klara seg med 70 000 mindre enn dei søkte om, og NHH si avis K7 Bulletin får ingen midlar direkte frå Velferdstinget neste år.
I helga var Velferdstinget i Bergen samla for å fordela midlar til studentorganisasjonane. Velferdstinget er sett saman av representantar frå alle utdanningsinstitusjonane som høyrer til under studentsamskinaden Saman, og har ansvar for å dela ut den delen av semesteravgifta som skal gå til studentkultur, studentmedia og studentidrett. 5,6 millionar kroner var potten for 2019.
Kulturstyret får den største enkeltdelen av potten. Kulturstyret er Velferdstinget sitt utøvande organ for kulturpolitikk, og fordeler pengane vidare. I år som i fjor vart det vedteke at mellom anna K7 Bulletin, som er studentavisa som kjem ut ved NHH, må søkja kulturstyret om pengar. Avisa, som ofte vert kalla «Bulle», hadde søkt om 130 000 kroner. Grunngivinga for å ikkje gi dei redaksjonen pengar direkte, var at ein meiner avisa berre er for studentar ved NHH.
– Me er heilt avhengige av ei eller anna form for støtte. Men om me får støtte frå Kulturstyret eller frå Velferdstinget er mindre viktig, så lenge me får støtte, seier dagleg leiar i K7 Bulletin, Jarand Reiersen, til Studvest.
Studvest får 750 000 kroner i 2019, og Stoff får 200 000. Stoff skriv om seg sjølv at avisa starta i 2015, og at dei satsar på djuptgåande, modig og kreativ journalistikk innan kultur, økonomi og samfunn.
Bergen Student-TV (BSTV)hadde bede om 294 000 kroner, men får berre 220 000. Grunngivinga er mellom anna at Velferdstinget meiner at BSTV er for lite synlege blant studentar.
For nokre år sidan var BSTV råka av ei underslagssak. I 2016 vart ein tidlegare tillitsvalt student dømt for å ha teke 155 000 kroner frå BSTV og nytta til sitt eige forbruk.
Kaja Carlsen er ansvarleg redaktør for BSTV. Ho seier til Studvest at organisasjonen tek sjølvkritikk for at dei ikkje har gitt tydeleg nok beskjed om at dei treng meir pengar. No vert det truleg kutta i promoteringsbudsjettet.
– Kuttet vil altså gå direkte utover det Velferdstinget ønskjer seg meir av, seier Carlsen.
Andreas Trohjell representerte UiB på møtet, og la fram forslaget som fekk fleirtal til slutt. Han meiner at BSTV kan kutta i løn til nokre av dei som jobbar for kanalen, og at det difor kan vera mogleg å kutta utan å verta mindre synlege. BSTV sjølve ønskjer ikkje å kutta i løna verv.
Slik vart fordelinga for 2019, med 2018-tala i parantes:
Bergen Student-TV (BSTV) - 220 000 (266 000)
BI studentidrett (BISI) - 233 000 (216 000)
Bergen studentidrettslag (BSI) - 560 000 (598 000)
BTSI (Høgskulen på Vestlandet sitt idrettslag) - 178 000 (168 000)
Jussformidlingen - 130 000 (135 000)
Kulturstyret - 1 760 000 (1 750 000)
K7 Bulletin - 0 (0)
Norges Handelshøyskoles idrettsforening (NHHI) - 470 000 (440 000)
STOFF -200 000 (124 000)
Studentersamfunnet - 300 000 (250 000)
Studentradioen i Bergen (SRiB) - 725 000 (700 000)
Studvest - 750 000 (818 000)
Økonomiformidlingen - 89 000 (10 000)