Bergensar var mest ueinig i høgsterett

Statsvitar Gunnar Grendstad har forska på kven av dommarane i Høgsterett som er mest ueinige. Ein bergensar kom på topp.

Opplysningane kom frå på grunnlovssymposiet, som Det juridiske fakultetet tysdag arrangerte for andre år på rad. Dermed er det i tråd med bergensk sedvane ein tradisjon, noko som vil gi fleire interessante synsvinklar på grunnloven i åra som kjem.

Symposiet i år blei arrangert 199 år etter at arveprins og statthaldar Christian Frederik den 19. februar i 1814 erklærde seg som regent i Noreg, og kalla inn til ei grunnlovgjevande forsamling på Eidsvoll 10. april.

Dekodar Høgsterett
Professor i samanliknande politikk, Gunnar Grendstad, har saman med amerikanske og norske kollegaer gått inn og sett på korleis dommarane i Høgsterett røystar, og det ligg eit stort arbeid bak forskinga: 17 000 avgjerder er vurderte og lagde inn i ein database, og 64 000 einskildvota er koda inn.

– Vi har funne at august er den månaden høgsterettsdommarane er mest einige med kvarandre, mens dei er mest ueinige i oktober, fortel Grendstad.

Og den mest trassige høgsterettsdommaren er bergensar og professor emeritus ved UiB: Kai Krüger. Han var høgsterettsdommar i ein kort periode, og markerte seg ved å ta dissens i 27 prosent av avgjerdene han var med på.

Grendstads statsvitskaplege tilnærming til jussen får mykje skryt, særleg frå juristane.

– Det er forunderleg at desse dataa ikkje finst frå før, og at Høgsterett ikkje sjølv har vore i stand til å skaffe dei, meiner dekan Knut Helland frå Det samfunnsvitskaplege fakultetet.

Individfokus
Stipendiat Morten Nadim frå Det juridiske fakultetet har òg studert avgjerdene til Høgsterett. Han har i arbeidet sitt funne at den høgste retten i landet i aukande grad har teke avgjerder til fordel for einskildindivida. Nadim peiker på to mulege forklaringar for utviklinga: For det første har det vore ei aukande internasjonalisering i rettssystemet vårt, der menneskerettskonvensjonar og internasjonale lover har blitt norsk rett. Som eit døme er Menneskerettslova nemnd 847 gonger i norske dommar i perioden 2000 til 2009, mot 350 gonger i tiåret før. For det andre kan det vere ein tendens til at det er lettare å gi etter for krav frå innbyggarane når landet er rikt. Den auka velferda i Noreg kan altså ha ført til at folk lettare får gjennomslag i Høgsterett i saker som gjeld deira individuelle rettar.

Skeiv rekruttering
Jussprofessor Eivind Smith konstaterer at grunnlovskonservatismen i Noreg er daud, og at det er stor politisk vilje til å gjere naudsynte endringar i grunnlova. Det er mellom anna aktuelt å la menneskerettar få ein større plass i lova. Men ein ting saknar han i debatten om Grunnlova og Høgsterett:

– Det vi manglar er ein debatt om rekrutteringa til Høgsterett, seier Smith.

Juss-dekan Asbjørn Strandbakken kunne knappast vore meir einig:

– Rekrutteringa til Høgsterett er alt for skeiv geografisk. Høgsterett burde flyttast til Kristiansand, som er ein by utan fast sete for lagmannsrett. Då ville vi fått betre dommarar, meiner Strandbakken.

Og dermed burde fakultetet ha tema for fleire framtidige symposium.

 

Powered by Labrador CMS