Bergensjurist talar ved minneseminar om Andenæs

Publisert

Universitetslektor Jørn Jacobsen (26) er plukka ut til å halde ei førelesing på Det norske vitenskapsakademi i Oslo denne veka. Saman med Nils Christie og Anders Bratholm, skal han snakke om sentrale tema i Johs Andenæs forfattarskap. Andenæs var fyrtårnet innan norsk jus

Unge Jacobsen skal halde innlegg om allmennprevensjonsargumentet si strafferettslege rolle, eit tema som han også handsama i boka “Menneskevern eller menneskeverd?” som kom ut tidlegare i år på Fagbokforlaget. Boka var den første i ein serie som tar utgangspunkt i forsking gjort ved det strafferettslege miljøet ved Universitetet i Bergen.

- Eg kunne ikkje ha halde ei slik førelesing. Dette området er enormt intellektuelt krevjande og ein må ha ein skarp teoretisk teft, seier professor Asbjørn Strandbakken, som har følgt Jacobsens arbeid med stor interesse.

Middel for at flest mogleg skal lyde lova

Allmennprevensjonen er ein grunnpilar i strafferetten. Straffesystemet skal formidle bodskap om kva som er straffbart, og kva slags sanksjonar straffbare handlingar medfører. Formålet er å påverke åtferd ved at systemet skal verke avskrekkande og moraldannande på folk flest. Gjennom historia har likevel den allmennpreventive tenkinga fått kritikk, mellom anna fordi den allmennpreventive straffa reduserer den enkelte til eit middel for at flest mogleg skal lyde lova.

- Det kan hevdast at den legitimeringa av allmennprevensjonen som norsk strafferett tradisjonelt har basert seg på, er problematisk. Den har i stor grad bygga på formelle kriterier, noko som har medført at den grunnleggande verdimessige avveginga mellom omsynet til samfunnsnytten og omsynet til den som vert straffa, har kome i bakgrunnen. Det er ikkje gjeve at den avveginga i eit kvart tilfelle bør slå ut i favør av samfunnsnytten, seier Jørn Jacobsen, og peiker på at straff er eit svært inngripande verkemiddel og at spørsmålet om legitimeringa av instituttet på mange måtar har stått som ei gordisk knute i den vitskaplege diskurs opp gjennom historia.


Ta diskusjonen eit steg vidare

Jacobsen har forsøkt å analysere allmennprevensjonen i eit rettskulturelt- og verdihistorisk perspektiv, i eit menneskerettsleg perspektiv, i eit komparativt gjeldande rett-perspektiv og i eit kritisk diskursetisk perspektiv, alt i eit forsøk på å kartlegge eit rettsleg verdigrunnlag som utgangspunkt for ei vurdering av den prioriteringa av samfunnsomsyn framfor den enkelte, som bruk av allmennprevensjonsomsynet kan seiast å representere.

- Siktemålet har ikkje vore å nå fram til klare og eintydige konklusjonar på spørsmålet om allmennprevensjonens rettslege legitimitet, men heller å skissere ein meir adekvat tilnærmingsmåte til slike spørsmål og såleis ta diskusjonen eit steg vidare, seier Jacobsen som understrekar at det er ei stor ære å få halde innlegg i Det norske vitenskapsakademiet i samband med ei minnetale om Johs Andenæs som døydde i fjor.


Eit langt liv i norsk rettsvesen

Johs Andenæs var involvert i eit utal saker gjennom eit langt liv i norsk rettsvesen. Av dei siste sakene han engasjerte seg i, var kritikken mot forsvararane i Orderudsaken fordi han mislikte alle lekkasjane til media. Av eldre saker kan det nevnast at Andenæs i 1947, da rettsoppgjeret framleis ikkje var avslutta, gjekk inn for å gje nåde til dei som hadde fått dødsstraff, men enno ikkje var avretta. Andenæs var professor i rettsvitskap frå 1945 til 1982 og rektor ved Universitetet i Oslo frå 1970 til 1972.

Allmennprevensjonsargumentet si straffrettslege rolle utgjorde eit sentralt tema i Andenæs sitt forfattarskap, særleg dei empiriske sidene. Det er spørsmålet om kor vidt strafferetten verkar allmennpreventivt Jacobsen har som utgangspunkt for si førelesing i Oslo.

Sidan Andenæs skreiv om dette på slutten av 70-talet er det få i Noreg som har arbeidd inngåande med desse spørsmåla - og framfor alt har det i liten grad vore diskusjon i strafferetten om dei verdimessige aspekta knytt til allmennprevensjonsargumentet før Jørn Jacobsen sitt bidrag.

Powered by Labrador CMS