Førsteamanuensis Inger Måren blei med i fleire forskingsprosjekt på Berkeley. Fleire av prosjekta har utvikla seg og fått ytterlegare finansiering, og ser ut til å kunne få eit lengre liv enn først planlagt. Foto: Ida Bergstrøm

Inger dro til Berkeley med heile familien

– Det å reise på forskingsopphald med ein heil familie er eit underskotsprosjekt reint økonomisk. Men totalt verdt det likevel, seier Inger Måren.

I november 2015 var det opptøyer på universitetet Berkeley i California. Nyheita om at Donald Trump hadde vunne presidentvalet fekk det liberale Berkeley til å demonstrere. I ein av dei øvste etasjane i eit høghus sat UiB-postdoktor Inger Måren og arbeidde saman med dei amerikanske kollegaene sine. Utanfor vindauget sirkla eit politihelikopter.

– Berkeley er politisk. Og svært liberalt. Den liberale tradisjonen er høgt skatta, og er noko ein held høgt på Berkeley. Haldninga er at viss du har kunnskapar og ein agenda, så skal du bruke dette til noko positivt. Alle, både studentar og tilsette, er venta å tone flagg både i forsking og ytringar. Når ei kjem frå Norge, kan dette i starten verke temmeleg uvant, seier Måren.

Ein populær destinasjon

Det offentlege universitetet, med sine to tusen vitskapleg tilsette, 32 bibliotek og 22 nobelprisvinnarar er rekna for å vere blant dei mest attraktive i verda. Gjennom Peder Sather Center for Advanced Study, kan norske forskarar få vere ein del av Berkeley for ein periode.

– Det er mange nordmenn på Berkeley. Det er mykje grunna Peder Sather-senteret, seier Inger Måren.

Hausten 2015 var Måren på Berkeley, i California. Ho hadde fått midlar frå Peder Sather-stiftinga, samt frå Fulbright Norway. Opphaldet skulle vise seg å vere svært fruktbart.

– Peder Sather-opplegget fungerer slik at du må ha ein PI (principal investigator, ein forskingsleiar, red. anm.) i Norge og ein på Berkeley. Eg var heldig, og fekk ein Berkeley-kontakt som tidleg trakk meg med i forskargrupper og nye prosjekt, seier Måren.

Les også: Forskerne vil til USA

- Full fart frå dag ein

Universitetet i Berkeley blei grunnlagt i 1868. På campus er det fleire ikoniske, gamle bygg. Men mykje av bygningsmassen har ikkje vore pussa opp sidan 70-talet. Det er sprukken linoleum, punkterte vindauge, det ser lett fylkeskommunalt, nedslite og umoderne ut. Kontrastane mellom det offentlege universitetet Berkeley og private universitet som Stanford, er store.

Dessutan er romkapasiteten sprengt. Dei norske gjesteforskarane vart plasserte i eit hus utanfor campus, der Peder Sather-senteret har leigd plass.

– Det er fint, men slett ikkje det same som å få vere ein del av eit amerikansk fagmiljø. Eg var heldig, og fekk innpass på eit institutt. Det var full fart frå dag ein.

Tverrfagleg forskingsmiljø

Berkeley-forskarane har klart det som mange breiddeuniversitet gjerne vil oppnå: Reelt tverrfagleg samarbeid, der forskarane samlar seg rundt overbyggande idear. Planteøkologen Måren samarbeidde med agronomar, antropologar, klimaforskarar og zoologar. Tidlegare har ho forska på matsystem, matproduksjon og landbrukssystem. På Berkeley blei ho med i ei forskargruppe innan vatn og vatnforvalting. Samarbeidspartnaren hadde mykje erfaring frå Afrika. Måren har i ei årrekkje arbeidd i Asia. Dei slo seg saman, og fekk tilslag på ein søknad om tilleggsfinansiering.

Dei fekk også midlar frå ei finansieringskjelde på Berkeley, kalla The Social Matrix. Planen var å lage eit pilotprosjekt som kunne promotere ein fullskala prosjektsøknad. Men eit godt arbeid veks seg ofte større, og pilotprosjektet har til no resultert i tre publiserte artiklar.

– Når tverrfaglege prosjektgrupper skal velje arena for publisering oppstår ofte nokre problem: Skal vi velje eit tidsskrift innan mitt eller ditt fagfelt? Vi fann nokre tverrfaglege journalar som vi kunne einast om, seier Måren.

Eit økonomisk underskotsprosjekt

Prosjektmidlane ho og partnarane har fått tildelt, har gått til workshops og feltarbeid i Nepal. Opphaldet har ho finansiert sjølv. Å bu i Nord-California er ikkje billeg. Ektemann og gutane på ti og fjorten år var også med.

Bay Area, som San Francisco, Berkeley, Oakland og San Jose er ein del av, har ikkje berre sterke universitetsmiljø. Det er også internasjonale teknologibedrifter i Silicon Valley, store nasjonalparkar, eit godt klima og ein rik og internasjonal kulinarisk kultur. Mange vil vere her.

– Bay Area har dei høgste bustadprisane i USA. Vi hadde ikkje økonomisk høve til å bu i Berkeley, men budde fint til i nabobyen Albany i eit lite hus vi leigde for 33 000 kroner i månaden.

– Det å reise med ein heil familie, er eit underskotsprosjekt reint økonomisk, men totalt verdt det, seier Inger Måren.

Ho utdjupar:

– Som forskar må du ha visum for å arbeide i USA. Ein må rekne med mykje ekstraarbeid når ein skal reise til utlandet med heile familien. Innmelding på skule, utmelding av folketrygda, visumsøknad, søknad om skattefritak er blant oppgåvene som må gjerast i god tid før ein kan ta plass på flyet.

Prosjekta held fram

Eit halvt år seinare kom dei heim igjen. Ho har vore UNESCO Chair ved UiB, og har nyleg blitt tilsett som førsteamanuensis ved Institutt for biologi. 

Prosjekta som starta hausten 2016, har utvikla seg og fått nye greiner og meir finansiering. Etter heimkomst har ho to gongar vendt tilbake til Berkeley på kortare forskingsopphald.

– Fleire av prosjekta har rulla og gått vidare, og vi har trekt inn fleire studentar, stipendiatar og norske forskarar. Eg er veldig glad for at vi har kunne drive prosjekta vidare, sjølv om eg no er tilbake ved UiB.

Midlane til den ikoniske porten ved campus på Berkeley er gitt av Peder Sæthers ektemake, Jane K. Sather. Nordmannen Sather var ein norsk immigrant, som donerte pengar til opprettinga av universitetet på Berkeley. Foto: Ida Bergstrøm

Dette er Peder Sather-senteret:

  • Peder Sæther; også kjent som Peder Sather, (født 25. september 1810 ) var fødd i Hedmark, men utvandra til USA.
  • Sæther tente gode pengar på bankverksemd i USA, og donerte pengar til å starte opp University of California Berkeley.
  • I 2012 blei det oppretta eit «Peder Sather Center for Advanced Study» som et samarbeid mellom University of California Berkeley og norske universitet.
  • The Peder Sather Center for Advanced study har som siktemål å føre til forskingssamarbeid mellom norske forskarar og Berkeley-forskarar.
  • Ni utdanningsinstitusjonar betaler årleg inn ein sum pengar til eit fond, som forskarar og doktorgradsstudentar i sin tur kan søke om finansiering frå.
  • Ein kan søke om pengar til workshops, pilotstudier, lengre opphald, innsamling av data, konferansar og anna forskingsaktivitet.

 

Powered by Labrador CMS