Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Jan Fridthjof Bernt kom ikkje med på lista då styret til Arbeiderpartiet i Bergen i går kveld ga si innstilling til representantskapet i lokalpartiet om nominasjonen til stortingsvalet. Dermed blir Bernt etter alt å døme fortsatt på UiB, frå 2014 som emeritus.
Styret nominerte Jette F. Christensen på topp blant ti namn. Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt var ikkje med blant dei ti namna. Utan støtte frå det største arbeidarpartilaget i Hordaland er det lite truleg at Bernt vil kunne nå opp i nominasjonsprosessen. Det var Arbeiderpartiets studentlag som foreslo Bernt som kandidat før sommaren. Dermed kunne 69-åringen truleg blitt den eldste ungdomskandidaten i stortingsvalet. Jan Fridthjof Bernt og Frank Aarebrot er begge mangeårige medlem i Arbeidarpartiet, og Aarebrot meiner kollegaen kunne ha blitt ein framifrå folkevald. – Bernt ville vore ein usedvanleg kompetent tingmann, og det var aldeles strålande av ungdomen å trekke han fram. Det var eit veldig interessant kandidatur fordi han har ein ekspertise som politikken treng akkurat nå. Det må gjerast noko fundamentalt med forvaltninga, og Jan Fridthjof kunne ha vore akkurat rette mannen til å gjere det, seier Aarebrot. Sampol-professoren hadde og håpt at Bernt kunne ha gjort ein innsats for å få heva pensjonsalderen for professorar til 75 år, men no må han setje sin lit til andre i den saka.
– Dette var ikkje uventa, og det er lite aktuelt med meg som kandidat etter møtet i går. Interessa for mitt kandidatur er ikkje til stades i det lokale partiapparatet, og det er jo og svært mange gode kandidatar å velje mellom. Eg har heile tida vore ein outsider, seier Bernt til På Høyden.