Jan Fridthjof Bernt brukte si avskjedsførelesing til å refse Høgsterett. Han fekk ros nok til å fylle eit heilt auditorium, mellom anna frå rektor Dag Rune Olsen.

Bernt vil ikkje bli emeritus

Publisert

– Det er så mange ting eg har lyst til å gjere og lære. Det var ein kollega som sa at eg ikkje måtte finne meg i å bli emeritus. Eg er ikkje professor emeritus, eg er professor, sa Jan Fridthjof Bernt på sin avskjedsførelesning. Den blir neppe hans siste.

Bernt er allereie eit halvt år på overtid: Han fylte 70 år i sommar, men har fått dispensasjon til å undervise eit semester ekstra. Fredag heldt han sin avskjedførelesning, men det er truleg ikkje siste gong studentar i alle aldrar får gleda av å sjå og høyre mannen som har vigd livet til jussen. Både avskjedsførelesinga og ei rekkje av dei andre han har halde er filma, til glede for nye generasjonar juristar.

– Alvorleg for rettstryggleiken
Og si siste førelesning brukte Bernt til å drøfte tilhøvet mellom rett og demokrati, juss og statsmakt. Litt sviande kritikk på vegne av svake grupper i samfunnet fekk han òg plass til.

– Rettsreglar er bindande både for borgarar og organa til styresmaktene, Stortinget inkludert. Og all offentleg makt må vere forankra i rettsreglar. Men lova har blitt fjernare, til fordel for forskrifter. Det er eit alvorleg problem for rettstryggleiken at så mange reglar blir til på departementale skrivebord, fjernt frå demokratisk kontroll, meiner Bernt.

Tanken om at rettslege avgjerder er skild frå lovgivande og utøvande makt er heilt sentral hos juristar.

– Ein kan snakke om institusjonell autonomi med sjølvstendige domstolar, og materiell autonomi ved at innhaldet av gjeldande rett blir avgjord på reint juridisk grunnlag, fortel Bernt.

Brenn for asylbarna
Saker om asylbarn er eit problematisk døme på tilhøvet mellom juss og politikk.

– Det beste til barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn. Ofte har barna foreldre som på ein eller annan måte har juksa for å komme seg hit. Lovgivar seier at det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn for retten, mens innvandringspolitiske omsyn kan det leggjast vekt på, seier Bernt.

I 2012 avviste Høgsterett å ta opp ei ankesak om to asylbarn, noko Bernt er lite nøgd med.

– Vi opplever at Høgsterett ikkje kan prøve den konkrete interesseavveiinga. Dei har plutseleg blitt så pysete. Dei finn ut at tyngda ligg på innvandringspolitiske omsyn, men er dette akseptabel juss? Kor langt kan vi gå i å seie at vi ikkje kan bruke ordlyden i lova fordi det ikkje er det lovgivar ønskjar? Måten eg spør på er ikkje heilt nøytral, understreker Bernt.

Omsorg og varme
Med grunnlag i slike saker etterlyser Bernt ein grundigare prinsipiell diskusjon om Høgsteretts si rolle som voktar av samfunnsmessige verdiar.

Rektor Dag Rune Olsen rosar  Bernt særleg for tre ting: Hans bidrag til juristutdanninga i Bergen, tida som rektor med særleg omsorg for studentane, og den  sentrale rolle han har spelt i utviklinga av universitets- og høgskulelova.

– Du er ridder av St. Olavs orden. Og så er du ridder og forkjempar for dei svake: Skeivfordeling og rettstryggleik er du opptatt av. Varmen din står igjen, og då blir ridderbegrepet så mykje, mykje meir enn ein orden. Vi har stort rom for å ta vare på deg vidare her på UiB, lovar Olsen. 

Powered by Labrador CMS