Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
30.april opnar utstillinga “Kvaster på såret - fra folkelig legekunst til dagens medisin” ved Bergen Museum.
- Mykje av den tradisjonelle kunnskapen om folkemedisin har gjeve grunnlag for moderne farmasi, seier Svein Haavik, frå farmasistudiet ved UiB.
”Kvaster på såret” tek for seg mange av dei mest kjende, men og ukjende planter, trær og bær som har vore nytta i folkemedisin dei siste fire hundre åra – og ser på korleis folk har klart seg sjølve utan helsevesen. Nokre av plantene er populære og mykje i bruk i dag som kvardagsremedier eller naturmedisin. Nokre er mykje nytta i framstilling av skulemedisin, medan andre nesten er gått i gløymeboka. På Høyden såg utstillinga i lag med farmasøyt Svein Haavik og han stadfesta at alternativ medisin og skulemedisin ikkje er to verder som aldri møtest. - Naturen inneheld et mangfald av stoff med biologiske effektar og tjue-tredve prosent av dei legemidla vi nyttar innanfor skulemedisinen er eller spring ut frå naturstoff. Døme på kjelder for slike naturstoff er revebjelle, barlind og vier. Stoff frå revebjelle blir nytta i hjartemedisin og barlind er kjelde for kreftmedisin. I vier og selje, som er svært vanleg her på Vestlandet, finn vi virkestoffet salicin, som med enkel, kjemisk modifisering blir omgjord til stoffet salicylsyre og acetylsalicylsyre (”Dispril”) – som er smertestillande og febernedsettande, fortel Haavik. På utstillinga møter ein mange kjenningar frå norsk flora. Marikåpe mot urinvegsplager, vendelrot mot søvnvanskar, og ei plante som ryllik, som har vore svært populær i alle år og vart tilrådd av greske lækjarar allereie for 2000 år sidan. Ei nesten gløymd plante er kvann som fins over heile Noreg, men som er nevnt i historia heilt sidan Snorre-sagaen. - Problemet med mange naturmiddel er at vi ikkje veit kva som verkar, seier botanikar Brith Natlandsmyr, som også var med på omvisninga. Utstillinga tek ikkje stilling til folkemedisinsk kunnskap som vi ser på utstillinga lever sitt eige liv i vekeblad og i kvardagslivet til folk, men fortel kva plantene har vore rekna som verksamme mot. Nordmenn brukte 1,6 milliardar på alternativ medisin i 2002 – og utstillinga fortel at det er mykje vi ikkje veit om verkestoffa i naturmiddel. Vi får vite nivået av antioksidantar i blåbær og andre kjende bærsortar, og at mange krydderplanter som til dømes peppermynte, salvie, kamille og sitronmelisse har ei fortid som medisinplante. Vidare at Johannesurt har ein kraftig effekt og verkar på levra – derfor kan det vere skadeleg å ta den samtidig som andre medisinar. - Som du ser her på utstillinga er berre 5-15 prosent av dei høgare plantene på jorda undersøkt for verkestoff, derfor er det sannsynleg at vi vil utvikle langt fleire medisinar frå naturmiddel enn vi har i dag, seier Svein Haavik. Han fortel at på 1960-talet kom kjemisk framstilte medisinar for fullt og ”alt” skulle framstillast kjemisk. No har ein gått noko bort frå dette.
Tygg kvist mot hovudverk
I teorien kan ein ta til seg mange naturmiddel direkte frå naturen og få same verknad som ein får frå ein pille. Problemet er at det er vanskeleg å dosere. Har ein hovudverk må ein gjerne tygge i seg ein heil del småkvistar for å få noko betring, medan det er nok med eitt blad frå revebjelle. Mengda verkar óg inn på prisen på medisin. Å få framstilt ein dose kreftmedisin frå barlind kostar 90.000 kroner, medan det kostar 40 øre med ei dose hjartemedisin frå revebjelle.
Kvann i gløymeboka
- I mange hundre år vart kvann brukt som medisin både for menneske og dyr. I dag er den nesten ute av bruk. Årsaka til dette er nok også at kvann ikkje fins i Sveits eller lenger sør i Europa der dei lagar det meste av naturmedisinen vi konsumerer her i Noreg, seier Per Helge Nylund, frå Universitetet i Tromsø, som har laga utstillinga til 400-årsjubiléet for det norske helsevesenet i 2003.
Gode råd i vekeblad
Få planter er undersøkt
- Vi veit at nokre medisinar lar seg lettast framstille direkte frå plantene, seier Haavik.
Svein Haavik vil no ta med studentane på farmasistudiet til utstillinga. Faget har mellom anna ein modul som heiter farmakognosi der ein lærer om forekomst, kjemi og verknad til naturstoff som blir brukt innan medisin og farmasi. – Studentane kan ha stor nytte av denne utstillinga, seier Haavik entusiastisk.
Utstillinga er laga av Tromsø Muséum, og vandrar no mellom norske byar. Ho skal no stå i Bergen til september då ho flyttar til Trondheim.
Opnar opp att fugleutstilling
Samstundes som ”Kvaster på såret”-utstillinga opnar, opnar muséet også ei fugleutstilling som har vore stengd for publikum i meir enn 10 år. Arbeidet med konservering og ettersyn av objekta er nettopp starta, men publikum vil likevel ha glede av å sjå samlinga, opplyser museét. Meir enn tusen fuglar er presenterte i utstillingsrommet, fleire av desse er i dag utrydda eller utryddingstruga.