Berre to vil ha Kari Tove sin jobb

Då søknadsfristen gjekk ut laurdag hadde berre to personar søkt jobben som universitetsdirektør. Den eine søkaren er fakultetsdirektør Magne Aasheim Knudsen (45) ved Agder universitet. Den andre søkaren bør vere kjent for dei fleste…

Sitjande universitetsdirektør, Kari Tove Elvbakken (57), er nemleg den andre søkaren, og både rektor og universitetsstyret har signalisert at dei ikkje er negative til at ho søker ein ny åremålsperiode i stillinga. Universitetsdirektøren blir tilsett for seks år, og Elvbakken kan maksimalt gå inn i ein periode til.

Sjølv om stillinga har vore utlyst på nav.no, forsking.no, finn.no, Bergens Tidende, Aftenposten og på hodejegarfirmaet Visindi sine nettsider, var det berre to som hadde søkt jobben då fristen gjekk ut laurdag 10. november. Tilsetjingsprosessen blei formelt starta i universitetsstyremøtet 27. september i år, og prosessen er rask samanlikna med ein del andre tilsetjingar ved universitetet. 

Overraska søkar
Magne Aasheim Knudsen er fakultetsdirektør ved fakultet for teknologi og realfag ved Universitetet i Agder, men har både studert og arbeidd ved UiB, der han og tok sitt hovudfag i historie.

– Eg må seie at eg er veldig, veldig overraska over at det ikkje er fleire søkarar. Eg er overtydd om at mange andre søkarar har tenkt at Elvbakken kjem til å søke. Eg har høyrt at ho er godt likt, seier Knudsen.

Han har budd i Bergen i mange år, og vil gjerne tilbake til byen.

– Det er ikkje mange jobbar eg kjem til å søke før eg blir pensjonist, men dette er definitivt ein av dei. UiB er for meg institusjon nummer éin. Det at jobben er krevjande med mange utfordringar er nettopp det som gjer jobben så spennande, seier Knudsen til På Høyden.  

Kari Tove Elvbakken har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar til På Høyden. 

Ikkje attraktiv
William Brochs-Haukedal er professor i leiingsfag ved Norges handelshøyskole (NHH), og er ikkje særs overraska over det låge søkjartalet.

– Stillinga er tydelegvis ikkje attraktiv nok for den målgruppa ein har sett seg ut, seier Brochs-Haukedal.

Han ser for seg at desse fem faktorane har ført til at ein har fått få søkarar.

  1. Stillinga er underlagt rektor, som er styreleiar. Dette er ikkje ei direktørstilling i den rette forståinga av uttrykket, men heller ein generalsekretær. Mange i direktørstillingar vil foretrekke å rapportere direkte til eit styre.
  2. Lønsvilkår og anna ikkje er særleg attraktive. For ein vanleg lønsmottakar er løna fantastisk, men kandidatane til slike jobbar har høg kompetanse og mange mulegheiter.
  3. Universitet har saman med kulturinstitusjonar rykte på seg for å vere særleg tunge å styre.
  4. Leiinga er todelt, og krev ei god forståing av universitetssektoren. Då er det få kandidatar igjen.
  5. Folk i systemet har nok skjønt at jobben fort kan gå til den som allereie er der. Når det er signalisert ganske tydeleg, er kabalen lagt.

– Men eg reagerer ikkje med overrasking på prosessen, og eg synest ikkje det er noko stort problem, heller. Ein toppleiar bør gjerne få to periodar på seg til å få gjort noko. Eg vil eigentleg seie at det er ønskeleg at ein leiar får sitje i åtte eller tolv år. Prosessar i slike organisasjonar går mykje langsamare enn mange eigentleg forstår, seier Brochs-Haukedal.

Han meiner òg det kan vere positivt å ha den same direktøren under eit rektorskifte, slik at det blir kontinuitet i leiinga.

– Det viktige er at nokon følgjer med, og at dei tilsette og pressa har sine lyttepostar. Men eg har inga tru på at det er muleg å drifte organisasjonane våre med heilt gjennomsiktige og demokratiske prosessar, seier Brochs-Haukedal.  

– Styret gjer jobben sin
– Hadde det berre vore to søkarar etter at åremålet til den sitjande direktøren hadde endeleg gått ut, hadde eg vore uroleg. Men her er det nok ein del søkarar som har latt vere å søke når dei har forstått at den sitjande direktøren ønskjer ein ny periode, seier redaktør Magne Lerø i Ukeavisen Ledelse.

Han meiner at universitetsstyret har gjort jobben sin så langt i tilsetjingsprosessen.

– Du kan ikkje ta frå styret retten til å tilsetje ein person dei er nøgde med. Eg trur heller ikkje det vil vere skadeleg for legitimiteten til direktøren at det berre er to søkarar. Eg forutset at den sitjande direktøren har ein bra legitimitet, og då held ho fram med den same legitimiteten, seier Lerø.

Powered by Labrador CMS