Bestill visittkort på nett

Publisert

Frå no av kan UiB-tilsette bestille sine eigne visittkort på nett og få dei levert på pulten dagen etter.

UiBs visittkort kan nyttast av tilsette eller andre som i teneste-samanheng opptrer på vegne av UiB. Studentar kan benytte visittkort berre etter spesiell avtale. Dersom du er i tvil, konferer med næraste overordna.

Tenesta er gjort tilgjengeleg for tilsette gjennom UiB sitt profiltorg. Her kan ein klikke seg inn og tinge visittkort ved å fylle ut førehandsdefinerte tekstfelt i ein ferdig mal. Du les korrektur sjølv, og korta blir trykte hos Allkopi som leverer dei dagen etter under normale omstende.

– Hovudpoenget var å etablere ei enkel og rimeleg teneste, samstundes som UiB blir representert på rett måte gjennom desse visittkorta, fortel Helge Grønhaug.

Han leier gruppa for grafisk design og multimedia ved Formidlingsavdelinga, og har stått i spissen for utviklinga av UiB sin grafiske profil som visittkorta no er blitt ein del av. Det er laga omfattande rettleiing til bestillinga av korta, slik at resultatet er blitt så brukarvenleg som råd.

Dynamisk profiltorg

Du må vere logga på UiB-nettverket for å kunne bestille visittkorta. På profiltorget kan ein også få tak i andre offisielle UiB-produkt som konferansemateriell og lysark for PowerPoint-presentasjonar.

– Lysark finst i ein fargevariant for vising på skjerm, og ein svart/kvitt-variant for utskrift på transparent. Her kjem vi etter kvart til å legge ut fleire malar, slik at ein kan variere, fortel Grønhaug.

Profiltorget er ein dynamisk nettstad, der nye produkt og tenester vil bli lagt til etter kvart. Mellom anna arbeider gruppa med å lage malar for brev og andre sakshandsamingspapir.

Powered by Labrador CMS