Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Noreg sin medlemskontingent til EU sitt sjuande rammeprogram er større enn midlane ein får att. Det viser Forskingsbarometeret, som vart lagt fram i dag.
– Målet er å auka returen og koma betre ut, sa statssekretær Ragnhild Setsaas då ho presenterte hovudfunn frå forskingsbarometeret på Kunnskapsdepartementet sin konferanse i dag. Tala viser at Noreg betalar meir i kontingent til EU sitt forskingsprogram enn landa ein har samanlikna seg med. Dette skuldast at Noreg har eit høgt brutto nasjonalprodukt. Samstundes har Noreg ein lågare vekst i deltakinga enn dei andre. Skryt til Nansensenteret – Me ser at UH-sektoren deltek lite hos oss samanlikna med andre land. Sintef, Uio, NTNU og UiB får halvparten av all EU-støtte. Av dei mindre som gjer det bra, vil eg nemna Nansensenteret, Høgskolen i Gjøvik og Norsk institutt for luftforskning, sa Setsaas. Nansensenteret held til i Bergen, og er altså ein av dei få som hentar ut gode EU-midlar. Regjeringa har nyleg bestemt at Noreg skal delta i Horisont 2020, som er EU sitt nye program. Kunnskapsminister Kristin Halvorsen har tidlegare uttalt at det er viktig at både forskarar og næringslivet arbeider for å ta ut moglegheitene dette store programmet kan bety for norsk forsking og innovasjon. Setsaas sa under innlegget sitt at mykje vil verta vidareført i det nye programmet, men at det samstundes vil verta lagt opp til færre område og meir tverrfagleg forsking. – Budsjettet vert òg større, truleg femti prosent større enn det sjuande rammeprogrammet, som snart går ut. Brukar mindre enn andre – Norske forskarar skal bidra med ny kunnskap som er viktig globalt, men skal òg gjera seg nytte av utanlandsk forsking, sa Setsaas. Ho viste til at norske forskarar publiserer artiklar saman med forskarar frå mange land. Sterkast er veksten i talet på artiklar som er publisert saman med forskarar frå EU-land, men at ein òg publiserer meir enn før saman med forskarar frå Brasil, India, Russland, Kina og Sør-Afrika. – Grunnlag for å diskutera – I den nye forskingsmeldinga har regjeringa foreslått i innføra tiårige langtidsplanar for forsking og høgare utdanning. Eg meiner slike planar er eit svært viktig tiltak som vil bidra til å heisa Noreg på dei internasjonale indikatorane, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen i ei pressemelding. Ho seier òg at årets barometer gir eit grunnlag for å diskutera både mål og verkemidlar i strategien regjeringa skal utarbeida for eit norsk forskingssamarbeid med Europa.
Tala sin tale: Noreg brukar mindrepengar på forsking og utdanning enn landa ein har samanlikna seg med. Foto: frå Forskingsbarometeret Framsidefoto: Paul-Erik Rosenbaum
Totalt er det 370 norske institusjonar som får støtte frå eit av EU sine program. Forskingsinstitutta stikk av med 40 prosent av kaka, universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren) med 33, og næringslivet med 20.
Forskingsbarometeret viser òg at Noreg brukar mindre pengar på forsking enn landa ein har samanlikna seg med. 1,66 prosent av brutto nasjonalprodukt går til FoU-utgifter. Samstundes er Noreg nummer tre når det kjem til vitskapelege artiklar – bak Danmark og Sverige, men framfor Nederland, Finland og Austerrike. Men Noreg står ikkje for meir enn 0,63 prosent av samla verdsproduksjon av vitskapelege artiklar.
Noreg litt bak dei fremste landa mellom anna når det gjeld veksten i næringslivet si finansiering av forsking og delen av føretak som har innovasjonsaktivitetar.