Betent forskarutdanning

Publisert

På immunologiens dag nytta Det medisinske og odontologiske fakultetet i fellesskap høvet til å lansere den nye forskarskulen i inflammasjon.

Bergen Research School in Inflammation (BRSI) er eit samarbeid mellom Det medisinske og Det odontologiske fakultetet, og blir støtta av Broegelmanns legat, Helse Vest og EU. Opninga vart markert 29. april av dei to dekanane, som klypte over kvart sitt raude band: Eit mørkeraudt band symboliserte venøst blod, og eit lysare raudt var arterielt blod, fekk publikum nøye forklart på førehand.

Men først orienterte direktør for forskarskulen, professor i immunologi Roland Jonsson, om måla for skulen.

– Skulen vil vere tematisk fokusert og dreie seg kring felt som kronisk og akutt inflammasjon, autoimmunitet og infeksjonssjukdommar. I praksis stiller vi ressursar til rådvelde for kandidatane, som biobankar, pasientar, kliniske ressursar og laboratorium. Vi vil arrangere kurs og seminar, og gje støtte og kritisk evaluering av arbeidet, sa han.

Skulen vil ha eit nært samarbeid med Haukeland universitetssjukehus og med dei bergensbaserte FUGE-plattformene, først og fremst bioinformatikk og mikromatrise-plattformene, men har også bygd opp eit teknologisk miljø innanfor eigne rekkjer.

– Immunsystemet utgjer eit rikt arsenal av cellekomponentar, og det har mange eigenskapar. Det har høg spesifisitet, det er sjølvavgrensande, men har eit unikt minne. Infeksjonssjukdommar er komplekse system der det sjeldan er éin faktor som er avgjerande, og vi treng gode modellsystem for å forske på dei, sa Jonsson.

BRSI skal tilby ei multidisiplinært PhD-utdanning som integrerer klinisk, paraklinisk og basal forsking. Forskarskulen inkluderer også ein EU-finansiert Marie Curie Training Site.

Powered by Labrador CMS