Forskar ved Institutt for geografi, Håvard Haarstad, tar i mot lukkeønskningar frå dagleg leiar i Bergen Forskningsstiftelse, Sveinung Hole. Foto: Marthe Njåstad

Forskar fram oppskrift på klimavenlege byar

Publisert

Håvard Haarstad skal forske på korleis framtidas byar bør utformast. Eit av svara kan vere at dei må byggjast kompakte, slik at behovet for transport minkar.

– Det er vanskeleg å tenka seg eit emne som tida er meir moden for enn berekraftig byutvikling, sa dagleg leiar i Bergen forskingsstiftelse, Sveinung Hole, under opninga av prosjektet.

I desember i fjor blei det klart at BFS tildelte Haarstad rekrutteringsstipend på 9 772 000 millioner kroner, noko som utløyste om lag like mykje støtte frå UiB.

Les meir: Her er årets BFS-vinnere

No er tre stipendiatar tilsett på prosjektet, som har fått namnet European Cities as Actors in Climate and Energy Transformation, og ei postdoktorstilling er utlyst. 

– Prosjektet har jo gradvis kome i gong, ved at eg har jobba med det ei stund. Men det er no som stipendiatane er på plass at me verkeleg kan begynna å bryna oss på tematikken. Og det er veldig kjekt. Det er jo eit stort privilegium å få jobba i team på denne måten, der fleire er med å utforma idéane og samla data, seier Haarstad.

– Har lagt til rette for bilen
Dei har plukka ut spesifikke byar i Europa, kor dei skal sjå korleis samarbeidet om, og innføring av, klimatiltak fungerer. Haarstad håpar dei skal kunna seia noko nytt og interessant om korleis byar kan lukkast med berekraftig utvikling.

– Dette handlar om å forstå kor skoen trykker. I dag er det slik at de aller fleste byar har gode planar og intensjonar, og så er det nokon som er mykje betre enn dei andre til å setta dei ut i live. Me vil seia noko om kvifor det er slik, og kva ein kan gjera annleis. Med dette vil me både bidra til internasjonal faglitteratur og formidla kunnskap til dei som praktiserer. 

Måten ein bygga byar på i heile den vestlege verda i etterkrigstida, og fram til ganske nyleg, er svært lite klimavenleg, fortel Haarstad.

– Fokuset har vore å legga til rette for bilen. I mange norske byar har dette fått uttrykk gjennom utbygging av kjøpesenter i utkanten av sentrumskjernen. Dette har gjort at folk har blitt meir avhengig av bil, og bykjernen i mange norske byer har blitt uthola. 

F.v.: Tarje Wanvik (stipendiat), Kristin Kjærås (stipendiat), Jakob Grandin (stipendiat), Karin Lillevold (vitskapeleg assistent), Håvard Haarstad (forskar), Stina Oseland (stipendiat). Kjærås, Grandin og Lillevold er tilsett på prosjektet, medan Wanvik og Oseland er del av SpaceLab. 

Må bygga tett
Prosjektet spring ut frå SpaceLab-gruppa (Spaces of Climate and Energy Lab) ved institutt for geografi. Dei forskar på klima, energi og samfunn, i eit geografisk perspektiv.

Korleis bør byar utformast for at dei kan vera mest mogleg klimavenlege?

 – Me er opptekne av at byane skal vera kompakte, samanbundne og levelege. Med dette meiner me at ein må bygga tett, for å redusera trongen for transport. Så må ein binda saman ulike bydelar på ein god måte med kollektivtransport og sykkel, slik at ein ikkje berre får klimavennlige ‘lommer’ som ein må køyra bil gjennom. Og så må ein fortetta på ein måte som gjer byane levelege, altså slik at folk har lyst til å bu der, seier Haarstad.

Kva er den største utfordringa med prosjektet, slik du ser det?

– Det vil nok vera å binda saman de ulike case-studiane. Me kjem til å studera byar som er ganske ulike, og læra mykje om dei. Men kva har det å seia i den store samanhengen? Me må finna gode måtar å samanlikne byane på, samtidig som me anerkjenner at alle byar er forskjellige.

Powered by Labrador CMS