Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Små, små bitar av gamle pergament skal til saman kunne gi eit bilete av kva som påverka Noreg i mellomalderen.
– Me skulle sjølvsagt likt å ha alt, seier Åslaug Ommundsen.
I ein perm er kopiar av gamle pergamentbitar sirleg putta inn i kvar si plastmappe. Dei små bitane, dei minste om lag så store som frimerke, kan seia noko om korleis mellomalderen var i Noreg. Kven var ein påverka av? Og kva internasjonale impulsar var viktige allereie frå 1100-talet?
Ommundsen er forskar og prosjektleiar. Prosjektet har fått støtte frå Bergens forskingsstiftelse og Universitetet i Bergen i fire år, og høyrer heime ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Det humanistiske fakultetet.
Samlar bitane
Av fleire tusen latinske handskrifter er berre 15 att. Men ein har fragment av langt fleire – i Noreg har ein 6500 bitar frå om lag tusen bøker.
– Nokon har kalla dette eit puslespelbibliotek. Det første me må gjera er å pusla saman bitane, og prøva å finna ut kva bøker dette kjem frå. Dersom me klarar å finna ut det, kan me òg seia noko om resten av innhaldet. Dei liturgiske handskrifta hadde til dømes eit ganske standardisert innhald, seier Ommundsen.
– Og med betre kjennskap til bøkene som fanst her i Noreg i mellomalderen, kan me læra meir om utviklinga av bokkulturen her, og kva for delar av Europa som påverka oss mest.
Ommundsen har doktorgrad i latin. Med i prosjektgruppa er ein ph.d som har fransk og gamalfransk som spesialisering og ein postdoktor med norrønt og latin. I tillegg er det tilsett ein forskar i delstilling med paleografi som spesialfelt.
– Han har mellom anna ei fingerspiss-kjensle for pergamenta og kan ofte kjenna kor dei kjem frå. Norske pergament er ikkje som pergament frå lenger sør i Europa, medan det norske blekket er ganske likt det ein finn andre stader. Men på Island brukte ein ofte ein type blekk ein ikkje finn andre stader, seier Ommundsen.
England var viktig
Det er ikkje så lenge sidan alle dei tilsette var på plass, og Ommundsen sjølv kom attende frå mammaperm i vår. Men allereie no har forskarane danna seg eit bilete av korleis det kan ha vore.
– Me kan pusla og vurdera samstundes, smiler Ommundsen.
Truleg var Noreg frå 1100-talet påverka av det engelske. Ein ser at ein i periodar òg var påverka av det tyske og franske.
– Me snakkar om både tema og skrivemåte, understrekar Ommundsen.
– Dersom det er slik at det var kontakten med England som var viktigast, så ser ein det i liturgien. Kva songar brukte ein? Og kva helgenar var viktige? Ein ser òg at ein del av skrivarane var opplærde i engelsk stil.
Forskaren seier at eit hovudfunn så langt er at det verkar som om nordmennene allereie for nesten tusen år sidan var veldig opne for impulsar frå utlandet.
– Norske samfunnstoppar, i dette tilfellet, har visst å kombinera det dei fann ute saman til noko som passa deira behov. Det kan sjå ut som om dei har tenkt at «dei har gjort det slik, og dei har gjort det slik – me vil gjera sånn». Dette ser ein både i liturgien, i utvalet av musikk, i skriftkultur og i helgenkulten.
Ommundsen seier at England var nær geografisk sett – det kan ha spelt inn. Den nære kontakten med Danmark kom ikkje før seinare. I det norske kjeldematerialet frå før 1300 kan ein ikkje sjå mykje direkte samarbeid med nabolandet i sør.
– Men det er den felles dansk-norske administrasjonen frå etter 1536 vi har å takke for at pergamentbitane frå mellomalderhandskrifta har blitt overleverte til vår tid. Ein del av dei små tekstbitane er tekne vare på som omslagsmateriale eller forsterkingsmateriale i ryggen på rekneskap frå 1500- og 1600-talet.
Fragmenta vart saman med arkivmaterialet flytta frå København til Oslo då riksarkivet her vart oppretta på 1800-talet.
– Men fragmenta vart med nærast som nissen på lasset. Det var ingen som var særleg opptekne av dei, seier Ommundsen.
- Kor vanleg det var å bruke pergament som omslag, kan me sjå i ordet «perm», som kjem frå «pergament».
Ein kalv vart eit dobbeltblad
Pergament er i hovudsak laga av kalveskinn. Men det gjekk med nokre kalvar for å få laga ei heil bok. Ein kalv ga to dobbeltblad – om lag på storleik med A4-ark. Men var boka stor, fekk ein berre eitt dobbeltblad frå ein kalv. Dei som skreiv kunne i hovudsak koma frå to grupper: Dei var religiøse, til dømes munkar eller nonner, eller dei jobba verdsleg.
– Me veit at det i Europa fanst verdslege skrivestover eller «workshops» som kopierte bøker forretningsmessig. Men me har førebels ikkje klart å finna spor av dette i materialet vårt – me ser berre dei religiøse skrivarane, seier Ommundsen.
Allereie i mellomalderen hadde ein òg underhaldningstekstar. Men heller ikkje det er noko forskarane så langt har funne mykje av i den latiske delen av det norske materialet.
Brukte ulike fargar
Det er lett å tenkja at å kopiera religiøse skrifter – det var eit høgstatusyrke. Slik var det nødvendigvis ikkje.
– I Romerriket var det gjerne slavar som gjorde skrivearbeidet, seier Ommundsen.
– Og dei som skreiv hadde plager som dei me kjenner i dag; musearm og vond rygg.
Sidan pergamentet var verdifullt, vart tekstane gjerne tettskrivne. Men ein hadde nokre verkemiddel for å gjera teksten lett å lesa: Ulike fargar.
– Når me jobbar med eit fragment, byrjar me med å kjenna på pergamentet og sjå på blekket og fargane. Spesielt blåfargane varierer mykje. Det verkar som ein brukte det ein hadde når ein skulle laga denne fargen, det var nok enklare for dei som budde lenger sør i Europa, seier Ommundsen.
Raudfargen vart brukt for å markera nytt avsnitt, og dagens ord «rubrikk» kjem av «ruber», som tyder raud.
– Me ser også på handskrifta til skrivaren, altså korleis han eller ho utforma skrifta, og vurderer kva sjølve skrifta kan seie oss om når, kvar og under kva tilhøve handskriftet blei til. Gjennom å sjå på det boktekniske og skrifthistoriske i tillegg til innhaldet, forsøkjer me å henta så mykje informasjon som mogleg ut frå kvar enkelt pergamentbit, seier Ommundsen.