Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Biblioteka i UH-sektoren har bestemt seg for å satse på e-bøker. Men brukarane nøler.
E-bøker er på frammarsj i marknaden, men kva plass har eigentleg e-bøkene i akademia? Biblioteka i UH-nett Vest har bestilt ei utgreiing om e-bøker i norske universitet og høgskular. Under eit seminar om e-bøkene sin plass i norsk høgare utdanning i går la redaktøren for utgreiinga, Kristine Abelsnes, fram resultat som tyder på at biblioteka må plassere seg i førarsetet dersom e-bøkene skal finne vegen til brukarane. Låg etterspurnad – Biblioteka opplever ikkje press frå brukarane, seier Abelsnes. Til trass for eit manglande trykk for brukarane, har fleire bibliotek likevel bestemt seg for å satse på e-bøker slik dei for nokre år tilbake gjorde på elektroniske tidsskrift. Biblioteka ønsker med denne spesialsatsinga å vere i forkant av brukarane. – Dei ønskjer å halde tritt med utviklinga og tenkjer at det er på tide, seier ho. Det er først og fremst lite press frå brukarane som gjer at biblioteka ikkje vel å prioritere innkjøp av e-bøker i større grad, ifølge Abelsnes. Økonomi vert også nemnt som ein avgjerande faktor når det kjem til innkjøp av e-bøker. I dag er den delen av budsjettet som vert brukt på å kjøpe inn e-bøker relativt låg. Ved Universitetet i Bergen ligg den på om lag 3 prosent. Mange fordelar – Mange tykkjer at fysisk handgripelegheit har ein verdi i seg sjølv, seier ho. Likevel trur ho at e-bøkene er på sakte, men sikker frammarsj, mykje ved hjelp av bevisst satsing frå biblioteka si side. – Når brukarane oppdagar tilgjengelegheita til e-bøkene vil dei sjå dei store fordelane. Vi ser jo at e-bøkene får ei positiv mottaking også i boktunge fagmiljø, som humaniora. Likevel vil det nok ta lenger tid før e-bøkene har fått fotfeste i akademia enn det gjorde for dei vitskaplege tidsskrifta, seier Abelsnes.
I ei spørjeundersøkjing i samband med utgreiinga oppgjev 2/3 av biblioteka at dei har e-bøker, men omfanget av titlar varierer frå to til 300 000. Medan universitetsbiblioteka har store pakkar, noko som gjev seg utslag i fleire titlar, kan dei fleste biblioteka tilby mellom 50 og 100 titlar. Men etterspurnaden er generelt sett låg.
Medan e-bøkene er framleis i støypeskeia i akademia, gjekk overgangen til elektroniske tidsskrift langt raskare. Abelsnes mistenkjer at mange ikkje har fått auga opp for alle fordelane ved e-bøker. Mellom anna kan fleire lese same bok til same tid, leveringstida er kort og det er snakk om store informasjonsmengder som tek liten plass. Samstundes understrekar ho at papirbøkene også har fordelar i høve til e-bøker.