Den fyrste Gulluglen i BIFF si historie gikk til den franske filmen “Comment j’ai détesté les maths”, eller “How I came to hate math”, som er ein hyllest til matematikkfaget. Foto: Ingvild Festervoll Melien.

Gulluglen delt ut for fyrste gong

Publisert

Ein hyllest til matematikkfaget skulle vise seg å vere den filmen som begeistra juryen for Gulluglen aller mest. Olivier Peyon sin film “How I came to hate math” vart dermed den fyrste vinnaren av Gulluglen på Bergen internasjonale filmfestival (BIFF).

For fyrste gong i filmfestivalen si 15 år lange historie vart Gulluglen delt ut. Den kom til som eit samarbeid mellom BIFF og UiB og er meint for filmar som formidlar forsking.

Syner oss det vakre ved matematikken
Fem personar som representerer ulike fagfelt ved UiB sat i juryen og sa mellom anna følgjande i si grunngjeving for at den franske filmen fekk Gulluglen:

<<Juryen velger å gi prisen til en film som viser at det er viktig å lære barn å tenke for å kunne forstå, ikke bare for å bestå eksamener.  Selv om det er matematikk i nesten alt vi omgir oss med, føles den fjern for mange. Dessverre er det et fag som mange lærer å hate.

Vinnerfilmen viser matematikkens skjønnhet, samtidig som den viser både dens muligheter og begrensninger. Filmen bringer oss nær mennesker som lever og ånder for matematikk – og de som dypt og inderlig hater faget.  Den gir oss et innblikk i forskningens verden og forskerfellesskapets betydning for å komme fram til ny innsikt.

Den belyser på en god og levende måte matematikkens betydning for vitenskap og samfunn, med særlig vekt på hvilken rolle den spilte i finanskrisen.>>

Det var heile tolv filmar, innanfor vidt forskjellige fagfelt, som var med i Gulluglen-programmet, men juryen landa altså på <<How I came to hate math>>.

HOW I CAME TO HATE MATH (english trailer) from Olivier Peyon on Vimeo.

Fått realisert ein gamal tanke
Festivalsjef for BIFF, Tor Fosse, har drive med filmformidling sidan 1980-talet har lenge hatt ein tanke om eit nærare samarbeid mellom UiB og BIFF.

– Bergen filmklubb heldt tidlegare til på studentsenteret, der bassenget ligg no. Der hadde vi 500 seter. Der heldt vi til i fleire år og hadde eigentleg ikkje noko samarbeid med studentsamskipnaden, men vi var på mange måtar under deira vengjer. Så eg har lengje hatt det i blodet at eit samarbeid med universitetet er naturleg.

Det nye samarbeidet med BIFF er noko som også gler kommunikasjonsdirektøren ved UiB, Ingar Myking.

–Vi har hatt eit samarbeid over tid der fagmiljøa har brukt filmar frå BIFF tidlegare for å vise aktuelle problemstillingar. Det som har kome fram då er at filmmediet er eit godt supplement  til å belyse faglege spørsmål og såleis har det vore flott å kunne ta dette samarbeidet vidare, seier Myking.

Rosar samarbeidet med UiB
Veldig mykje av dokumentarfilmane som har hatt eit fokus på BIFF har mykje med forsking å gjere. Dermed var det naturleg for festivalen å plukke ut filmar som ville passe inn i dei forskjellige fakultetsområda. Og Fosse er svært nøgd med samarbeidet dei har hatt med UiB.

– Det har vore veldig bra. Vi har hatt nokre folk frå vår side og frå kommunikasjonsavdelinga til UiB som har sydd i hop dette saman.

– Er det verkeleg mogleg å kombinere både forsking og god film?

– Ja, absolutt. Vi kan mellom anna nemne den strålande filmen om sopp (Super Fungi) som er heilt utruleg visuelt vakker og samstundes veldig lærerik. Det er litt det same som det vi gjer under elevbesøka våre. I år har vi hatt 23 000 elevbesøk og då kombinerer vi underhaldning med kunnskap og kunnskapsformidling, fortel Fosse.

(Artikkelen held fram under biletet)

Marion Solheim var ein av fem frå ulike fagfelt hjå UiB som sat i juryen for Gulluglen. Her les ho opp juryens vurdering. Foto: Ingvild Festervoll Melien.

Mykje prestisje i å spele på lag med UiB

Når ein skal dele ut ein pris som Gulluglen, der ein premierer god forskingsformidling, har det vore svært viktig for BIFF å spele på lag med ein vitskapsleverandør som UiB.

– Det er mykje prestisje i det at vi har fått med oss UiB og den tverrfaglege juryen dei stiller med. Vi er utruleg glade for at dei stiller opp og orkar å sjå alle desse filmane, og vi trur nok dei har fått litt glede av det dei også.

– Blir det fleire Gullugler framover?

– Det håpar eg verkeleg og rektor Dag Rune Olsen verkar veldig positiv, avsluttar ein nøgd festivalsjef.

Her kan du lese meir om BIFF og filmane som stod på programmet

Vinnaren av Gulluglen var diverre ikkje tilstades, men fekk 25.000 kroner, ein kunstverk frå Harald Kryvi og eit diplom. Foto: Ingvild Festervoll Melien.

 

Gulluglen-programmet 2014

Kjelde: Biff.no

Powered by Labrador CMS