Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Første nummer av Hubro i 2005 markerer Fysikkens år med fysikk som tema.
Fysikkvitskapen kan konkurrere med religionen om kva som har vore viktigast for å forme verdsbiletet vårt. Hundre år etter Albert Einsteins viktige gjennombrot står no fysikken framfor ein nye epoke.
Hubro har tatt turen til CERN som er den europeiske organisasjonen for kjernestudier og verdas største partikkelfysikklaboratorium. Der leitar ein mellom anna etter mørk materie, eit stoff vi ikkje kan sjå eller merke, men som likevel er der.
Vidare kan ein i dette nummeret av Hubro lese om nordlys, og om den åndelege dimensjonen i fysikken i eit møte med nonne og fysikar Katarina Pajchel. Fysikk kan også vere ein nyttig reiskap for å avsløre kreft. I eit tverrfagleg prosjekt mellom fysikarar og biologar har ein funne ut at i framtida kan ein stille hudkreftdiagnoser ved hjelp av optiske målingar.
Hubro har også vore i Kina og mellom anna intervjua ein kinesisk filosof som tok doktorgraden ved UiB og no er Kinas framste Habermas-kjennar. I kinesisk akademia er interessa for vestens tankar stor og det er ikkje tilfeldig at UiB-forskarar står for opplæring i teori og metode på School of International and Public Affairs i Shanghai. Du kan også lese om forsking på stamceller og eit stort prosjekt om europeiske kulturlandskap.