Gerhard Sundt, byens fremste kjøpmann, fekk bygd seg ein aldri så liten einebustad på Muséplass i 1882. I dag held UiB-leiinga til her. Foto: Dag Hellesund Museplass 1, rektors kontor
Ein gamal byvilla vart til Ida Bloms hus, med Senter for vitskapsteori og Senter for kvinne og kjønnsforsking. Bygget i Allégaten er selt, og namnet flytta til Parkveien. Foto: Ida Bergstrøm Allegaten 34, Ida Bloms hus, Senter for Vitenskapsteori (SVT), Senter for kvinne- og kjønnsforskning (SKOK).
Geofysisk institutt vart reist som ein del av Bergens Museum i 1928. I 1951 kom sidefløyane, til det som då hadde vorte Universitetet i Bergen. Arkitekt: Egill Reimers. Foto: Ida Bergstrøm Geofysen, midtre bygg, midtfløyen, geofysisk institutt
Bergens Museum fekk oppført det første museumsbygget i 1865. Herifrå har ein utsikt over byen. Kristiane Strand Øksnes speiar frå tårnsalen. Universitetsmuseet Utstillingsprosjektet Tomt museum Kristiane Strand Øksnes
På 1990-talet begynte UiB å selja eigedommar dei kjøpte tidlegare. I staden kjøpte dei større einingar, som det som i dag heiter Stein Rokkans hus. Nygårdsgaten 5 Stein Rokkans Hus
Det lange Realfagbygget med utsikt mot parken, var heilt ferdig i 1977. Byvillaer måtte rivast, men i åra bygginga av den store kolossen gjekk føre seg, hadde politikarane snudd: Ein skulle ikkje berre byggja blokker på Nygårdshøyden. Realfagbygget Freda Forvaltningsplan Arkitektur
Sydneshaugkvartalet vart bygd med leilegheiter for "fiffen". Her held mellom anna Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap til i dag. Forvaltningsplan Sydneskvartalet
Langes gate 1 og 3 var ein gong bustadhus. Då det var snakk om å riva huset i Langes gate 3 og byggja noko i mur, aksjonerte Bergens Museum og sikra seg huset. Bygget er UiB sitt nest eldste. I Langes gate 3 har mellom anna rektor hatt kontor. Glasbygget mellom dei to gamle husa kom på plass i 2001. Forvaltningsplan Langes gate
Egill Reimers, som teikna mellom anna Geofysen, hadde laga ein heilskapleg plan for universitetsområdet på Nygårdshøyden. Kaspar Hassel var byarkitekt og teikna Sydneshaugen skole. Skulen vart tilpassa universitetsplanen, og avtalen var at UiB seinare skulle overta skulen. Eva Røyrane og Åse Tveitnes skriv mellom anna om Sydneshaugen skole i den nye boka om byuniversitetet. Forvaltningsplan Sydneshaugen skole Åse Tveitnes Eva Røyrane
Dette var landets første universitetsbibliotek då det vart bygd i 1961, teikna av Kåre Kvilhaug og Jo Svare. UB ligg på tomten til det som var garden Fastings Minde sin eigedom. Foto: Ingvild Festervold Melien Universitetsbiblioteket
UiB sin eldste bygning, frå 1791. Hadde det ikkje vore for enkefru Rosenberg, som ikkje ville selja eigedom til spekulantar, kunne mykje sett annleis ut på Nygårdshøyden. Foto: Hilde Kristin Strand Fastings Minde

Byuniversitetet

Powered by Labrador CMS