Slik vi ser det tilbyr ikkje partnarane meir enn det vi alt har i dag. Men fusjonen vil føre til at tid og ressursar blir brukt på andre ting ell undervisning og forsking. Vi har leika oss litt med tal, og funne ut at det ikkje er usannsynleg at 34 årsverk blir brukt på reising mellom regionane, seier Knut Almås Anfinnset.
Styremedlem og tidlegare rektor Jan Olav Fretland kom smilande til styremøtet. Han har ikkje flagga eit standpunkt for eller mot fusjon.
Aksjonen var planlagt på førehand. Studentane ønskjer at høgskulen skal halde fram aleine.
-- Det blir ein stille aksjon. Vi vil møte styremedlemmane med plaktar, og deretter følgje møtet, seier Ingrid Moe-Albrigtsen, leiar av studentparlamentet.
"Vi vil ikke fusjonere, heller selvstendig briljere", er bodskapen frå studentane. Her er styremedlemmane Anneli Nesteng og Ole Kleiven.
Oddmund L. Hoel representerer dei vitskapleg tilsette i styret. Han er uttalt motstandar av fusjon, og ønskjer fortsatt sjølvstende for Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Ei av bekymringane til studentane er framtida til Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane. Dei fryktar at tilbodet dei har i dag skal bli svekka dersom ein fusjonerer.
Viserektor Eirik Kyrkjebø og personaldirektør Wenche Fjørtoft på veg til møtelokalet.
Rektor Rasmus Stokke og styreleiar Trond Ueland var tidleg på plass i lokalet. I løpet av møtet torsdag vil styret ta eit viktig val for framtida til Høgskulen i Sogn og Fjordane. -- Det er ikkje ofte eg søv dårleg. Men i natt var det vanskeleg, seier styreleiar Trond Ueland til På Høyden.

Demonstrasjon ved HiSF:

Powered by Labrador CMS