Fadderstyre og faddergrupper har fått ros for ei vel gjennomført fadderveke. På Høyden fekk vere med på festen og dokumenterte rebusløpet på Nygårdshøyden. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)
- Det er fint å kunne hjelpe nye studentar i gang, seier Vegard. Han er masterstudent i engelsk, og fadder for første gong. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)
Improteater ved HF-bygget. Fadder Kathrine er bachelorstudent i engelsk, og gestaltar tidlegare rektor Kristi Koch Christensen med stor innleving. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)
Rebusløp på Nygårdshøyden, med innlagt ølstopp ved Ad Fontes. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)
– Nei, Kirsti, eg vil berre danse, svarar Dag Rune Olsen, gestalta av en ny engelskstudent. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)
Temadag for SV-fakultetet sine faddergrupper. Her kjem den amerikanske delegasjonen bortover Langes gate. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)
Fadderen er høne, dei nye studentene på utviklingsstudier ved det Samfunnsvitskapleg fakultet er egg. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)
– Faddergruppen er sosialt viktig. Det er bra å vere med i ei gruppe, då er det lettare å bli kjent med universitetet og med Bergen, seier ninjaen til venstre til På Høyden. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)
Badering og sydvest: Like greit å lære seg bruken med ein gong. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)
Kor raskt kan ei ete lakrislisser? Fadderbarn gjer myta om at fadderveka handlar om å drikke søt kvitvin med trakt til skamme. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)
– Fadderuka blir litt kva ein gjer det til sjølv, seier Marius. Sammen med Viktor (t.v.) og Markus (t.h.) skal han studere utviklingsstudier ved UiB. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)
– Kurt Nilsen har vel aldri gått på UiB? Dei nye studentene skal identifisere tidlegare UiB-studentar, men er ikke helt sikre. Kva med Karl Ove Knausgård? Jens Stoltenberg? Jo, Stoltenberg har nok vært student her, er konklusjonen. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)
Fadderveke og studiestart: Det er litt som å ha bursdag. Ein vert eldre, og det vert fest, meiner ein ny student. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)

Den første festen: Sjå bileta frå Fadderveka 2013

Powered by Labrador CMS