Dette er alleen frå huset og ned til sjøen. Den første eigaren skal ha fått planta ein bjørkeallé forma som eit kyrkjeskip. Tingviken Utne Velferdstilbod Hage
Bjørkene har vekse seg store, og det vert planta nye når nokon av dei døyr. Dei markerer vegen frå huset og ned til naustet. Tingviken Utne Velferdstilbod Hage
Den store, tostamma blodbøken framfor huset må passast på, heiter det i hagerapporten frå 2006. Dersom det vert for stort, kan det rotvelta. Den eine av stammane har fått eit sår etter bålbrenning, og i stammen er det òg mange som har skrive namnet sitt. Tingviken Utne Velferdstilbod
Det er nokre frukttre att i hagen. Men denne haugen kan ha vore brukt til noko heilt spesielt: Tingviken var først ein tingplass, deretter ein avrettingsplass. Den siste, kjende avrettinga skjedde her i 1771. Ein trur det kan ha vore på denne staden. Tingviken Utne Velferdstilbod Avrettingsstad
Det er gamle tørrmurar på heile eigedommen. Nokre av dei var her kanskje allereie før John H. Bell fekk bygd husa på Tingviken. Tingviken Utne Velferdstilbod Hage
Ein veit ikkje om John H. Bell laga murane sjølv, eller om han fekk hjelp. Men på heile eigedommen er det mange tørrmurar. Dei er no rydda for tre. Tingviken Utne Velferdstilbod Hage
Åse Tveitnes frå eigedomsavdelinga har ansvar for både Tingviken og dei andre freda bygga UiB eig. Tingviken Utne Velferdstilbod Åse Tveitnes
Fin og farleg: Nokre gullregn har fått stå att, men mykje er fjerna. Fleire typar gullregn er svært giftig, og samstundes er dei gule blomane freistande for små barn. Tingviken Utne Velferdstilbod Hage Gullregn

Den løyndomsfulle hagen

Powered by Labrador CMS