Ein plass i sluttspelet kan vere innan rekkevidde. Denne kampen spelar dei mot it-bedrifta CSC. – Tidlegare kunne vi taktere så mykje vi ville. Det tok litt tid å kome dit kor vi faktisk klarte å setje steinen der vi vil ha den, seier Søren Koch (t.v.), førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet.
Når steinen først er sendt av garde, er planen at han skal lande nær midten, der han gir poeng. Får han for liten fart, må ein koste. Raskt og hardt.
Medspelarane kostar isen for å regulere fart og retning på steinen. Og når motstandaren sin stein er på veg ut av den raude og grøne ringen, er det lov å koste slik at den går endå lenger vekk frå målet. Men berre éin spelar kan koste for motstandaren sin stein. – Dette lærte eg the hard way, seier Ingvild Sandhaug.
– Eg trur ikkje folk kan skjøne kor kjekt curling er før dei har kome seg ut på isen og prøvd sjølv, seier Christian Franklin. Han er førsteamanuensis og forskar på EU-rett og EØS-rett.
– Curling er ein ikkje-diskriminerande sport. Ein kan gjere det heilt greitt sjølv om ein ikkje så atletisk anlagt, seier Ingvild Sandhaug. Ho er stipendiat, og arbeider med korrupsjon og strafferett. I januar i år blei ho med på curlinglaget.
– Steinen er vid! Krise! Den må curle! Kost hele veien! Jan-Ove Færstad ropar. Guri Lindblad og Søren Koch kostar.
Steinen blir slått ut av ringen, og hamnar heilt inntil kanten, der den ikkje kan gjere nytte for seg. Guri Lindblad, sensor og timelærar ved Det juridiske fakultet diskuterer med Jan-Ove Færstad. Burde ein ikkje ha kosta likevel?
– Vi prøver å unngå å bruke den juridiske kompetansen vår, seier Jan-Ove Færstad og ler. Han forklarer at curling er rekna for å vere ein gentlemanssport, der ein spelar utan ekstern dommar. – Ein skal bli samde om kven som har fått poenget. Er ein usikker, går det også an å hente inn ein nøytral part frå eit anna lag, seier han.
– Vi bør vere konsentrerte om det same over lang tid, og det kan vere krevjande. Så ein må vere mentalt uthaldande. Men det er vi vande med som forskarar, seier Ingvild Sandhaug.
– Blir du sliten, mistar du også konsentrasjonen, seier Jan-Ove Færstad. Her ser han sin eigen grøne stein kome susande mot motspelarane sin raude. Vil den treffe?
– Jan-Ove er veldig flink til å sette den siste steinen, seier lagkameratane. Det er denne som tel. – Det kan sjå bra ut lenge. Men ingenting er avgjort før den siste steinen er sett, seier Søren Koch.
– Vi går i fleire timar. Og er det mykje kosting, blir ein jo litt varm. Men det er gjerne ikkje den mest krevjande idretten, seier Guri Lindblad. Ho har spelt curling i om lag fire år.
Fem pluss? Fem? Kva med guarden? Christian Franklin og Jan-Ove Færstad legg ein plan.
Siste omgang. Motspelarane har hatt eit knepent overtak, men laga har like mange poeng.
Motspelarane kosta alt dei makta, men steinen til Det juridiske fakultet ligg nærmast midten. Sigeren og sluttspelet er sikra.

Det juridiske curlinglaget

Powered by Labrador CMS