Hilde Kristine Hvidevold hadde med seg ein svært ung gjest: Sonen Audun på ni dagar.
Bestemor Heidi Hvidevold passa vesle Audun medan mor Hilde Kristine sat inne blant dei nye doktorane.
Rektor Dag Rune Olsen er klar.
Rektor Dag Rune Olsen og prorektor Anne Lise Fimreite leia prosesjonen.
Leiinga på første rad: Rektor Dag Rune Olsen, universitetsdirektør Kjell Bernstrøm, viserektor Robert Bjerknes, dekan ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet Helge K. Dahle, dekan ved Det psykologiske fakultetet Jarle Eid og dekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet Knut Helland. På neste rekke universitetsstyret med Peter M. Haugan ytst.
Aulaen var fullsett av nye doktorarar, universitetsleiing og gjester.
I opningtalen la rektor Dag Rune Olsen mellom anna vekt på internajonalt samarbeid. – Kunnskap kjenner ingen grenser, og det er berre gjennom samarbeid me kan løysa internasjonale utfordringar, som klima.
Hilde Kristine Hvidevold får beviset på at ho har doktorgrad. Frå venstre dekan Helge K. Dahle, universitetsdirektør Kjell Bernstrøm og rektor Dag Rune Olsen.
Mange fotograferte under seremonien.
Dei ferske doktorane frå Det psykologiske fakultetet får sine diplom. 11 tok doktorgrad ved fakultetet i vårsemesteret, seks av dei var med på seremonien i aulaen.
Doktorane frå Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet vert gratulert av dekan Helge K. Dahle.

Doktorpromosjon august 2015

Powered by Labrador CMS