Her tek studentane ei prøve av 100 Maurolicus Muelleri. Desse fiskane er fanga på tre forskjellige djupne i fjorden. No skal studentane kartlegge om alt er som det stemmer.
Ein sei som vart fanga i same garnet vert også grundig studert.
Ida Vee er godt nøgd med opphaldet ombord i G.O. Sars så langt.
Det er ikkje berre lab-arbeid når ein driv med forsking. Det må også ein heil del papirarbeid til.
Det skal ikkje stå på utstyret ombord på forskingsskipet G.O. Sars. verken når det kjem til teknikk eller meir enkle ting som dette. Båten er Nord-Europast mest avanserte forskingsfarty.
Professor Dag Aksnes underviser og forklarar studentane både ute...
og inne.
Her kan du sjå litt av alt utstyret som vert brukt til forsking på G.O. Sars.
Fanny de Busserolls er gjesteforskar på UiB. Ho held normalt til på KAUST i Saudi-Arabia. No er ho i Masfjorden for å finne skilnaden på mesopotamisk fisk i Raudehavet og i dei norske fjordane.
Uten mat og drikke duger unge forskerspirer ikke. Og ein ting er i alle fall sikkert, studentane er storleg fornøgde med maten dei får ombord.
Full kontroll oppe på brua på G.O. Sars.
Det er mykje å passe på ombord på G.O. Sars. Mykje dyrt utstyr skal handterast, men mannskapet ser ut til å ha god kontroll.
Ei gruppe studentar føl spent med når FUF'en skal senkast ned i Masfjorden.
For fyrste gong vert Masfjorden studert ved hjelp av ein FUF.
Inne i ein liten container sit mannskapet og manøvrerar FUF'en.
Studentane har eigen "kinosal" der dei kan følgje bileta frå FUF'en direkte.
G.O. Sars skal halde fram sitt forskingstokt i Masfjorden i fleire dagar til. Til saman vert studentane ombord i båten i åtte dagar.

Ekspedisjon i Masfjorden

Powered by Labrador CMS