Doktorgradstipendiat Sofie Snipstad fekk flest poeng i den nasjonale Forskar grand prix-finalen Ho forskar på korleis ein kan bruka bobler og ultralyd til å frakta cellegift meir effektivt ut til kreftsvulstar. Her saman med programleiar Nadia Hasnaoui. Foto: Tor Farstad
Det var ei rørt Sofie Snipstad som tok i mot heider og ære etter å ha blitt kåra som best i landet på å formidla forsking. Foto: Tor Farstad
Maren Ranhoff Hov (UiO) tok seg til gullfinalen med sin presentasjon om effekten av å flytta CT-scannarar ut av sjukehusa og inn i ambulansane. Ho meiner det kan bidra til raskare diagnostisering av hjerneblødning, noko som kan redda liv. Foto: Tor Farstad
Miloš Novović (UiO) fortalte om korleis nettstader som Facebook og Google får tilgang og eigarskap til alt innhald som me lastar opp på nettet. Foto: Tor Farstad
Sofie Snipstad viser fram ein modell av bobla som blir brukt til å frakta nanopartiklar rundt om i blodet. Så langt er forskinga berre prøvd ut på mus. Foto: Tor Farstad
Vinnar av delfinalen i Bergen, Anne-Catrin Adam (NIFES), fortalde om korleis gleder og sorger til forferdrene våre kan ha påverka genene våre i dag. Dette er del av eit nytt forskingsfelt kalla for epigenetikk. Foto: Tor Farstad
Dommarpanelet kom med konstruktive tilbakemeldingar på deltakarane sine presentasjonar. F.v.: Førsteamanuensis Marlen Ferrer ved Høgskolen i Oslo og Akershus, debattredaktør i Aftenposten, Erik Tornes og skodespelar Maria Bock. Foto: Tor Farstad
Katie Aurand frå NTNU forklarte korleis nanopartiklar kan vera med på å utvinna meir av oljeressursane i Noreg. I dag blir over halvparten av olja liggande att, fordi det er vanskeleg å få den opp frå havbotnen. Foto: Tor Farstad
Monica Gundersen Mitchell frå Universitetet i Stavanger forskar på magiske lesemøter. Ho har sett på korleis 10. klassingar kan få utbytte av å lesa høgt for førsteklassingar. Foto: Tor Farstad
Jørgen Erland Linde frå Universitetet i Stavanger har undersøkt 350 spedbarn i Tanzania som ikkje pusta når dei vart født. Han har funne ut at dei treng meir luft ned i lungene for å overleva enn det som er tilrådd i dag. Foto: Tor Farstad

Forskar grand prix 2016

Powered by Labrador CMS