Siri Kleiven Strøm, Sverre Breivik og Ingvil Brügger Budal utgjorde dommarpanelet. Dei syntest det var svært vanskeleg å plukka ut sin kandidat til finalerunden, men landa på Frida Johanne Lundevall, som vart nummer to til slutt.
Roe Lauvås jr. leia årets arrangement som gjekk av stabelen på Høgskulen på Vestlandet.
Illimar Rekand frå Institutt for biomedisin og Kjemisk institutt forskar på antibiotikaresistens. Her får han poenga sine frå dommarpanelet.
Ein litt oppblåst Donald Trump var noko av det Joakim Vindenes hadde plassert i minnepalasset sitt. Han tok publikum med inn i ei virtuell verd.
Kari Hagatun frå Institutt for pedagogikk ved UiB forskar på utdanningssituasjonen til rom-barn, definert som norske rom, altså gruppa som tidlegare vart kalla reisande. Det er samansette grunnar til at rom-barn i mindre grad enn andre går på skulen, sa Hagatun.
Frida Johanne Lundevall lagar sølv og byggjer molekyl.
Marte Bygstad-Landro var ei av fleire som hadde ein eigen tilhengjarskare blant publikum.
Dommar Sverre Breivik gir toppkarakter til Marte Bygstad-Landro.
Alt er klart før kveldens show!
– Eg forskar på verdas sterkaste dyr, sa Johanna Myrseth Aarflot frå Havforskingsinstituttet: Hoppekrepsen!
Dei to hovudlause på kvar side av Siv-Elin Leirvåg Carlsen representerer ytterpunkta av LAR-pasientar. For korleis står det til med livskvaliteten til dei som får LAR-behandling?
Spente deltakarar får snart vita kven dei tre som går vidare til runde to er.
Programleiar Roe Lauvås jr. i samtale med dommarpanelet: Siri Kleiven Strøm, Sverre Breivik og Ingvil Brügger Budal.
Frida Johanne Lundevall, med sølvbukser, vert utpeika som dommarpanelet sitt «wild card» og går vidare til runde to.
Siri Flagestand Kvalheim illustrerer korleis ein kan laga ulike fuktigheitsmiddel som kan hjelpa dei som er tørre i munnen.
Ove Herdastveit frå Uni Research vann bergensfinalen i fjor. No måtte han levera vandrepokalen vidare. Her saman med programleiar Roe Lauvås jr.
Her går det opp for Marte Bygstad-Landro at ho har vunne bergensfinalen. Her flankert av Frida Johanne Lundevall og Siri Flagestand Kvalheim, som begge var med i finalerunden.

Forskar Grand Prix 2018

Powered by Labrador CMS