Den er både tung og dyr rekvisitten til Tobias Wolf. Her tester dei at alt er som det skal på genralprøva. Foto: Knut Egil Wang
Cecilie Smith Svanevik i scenelyset på generalprøva for Forsker grand prix. Foto: Knut Egil Wang
Øvelse gjer meister. Florian Sambraus testar ut korleis han skal plassere rekvisittane. Foto: Knut Egil Wang
Marit Stordal Bakken og hennar gode ven med hoftebrudd på veg inn til generalprøve. Foto: Knut Egil Wang
Marit Stordal Bakken har forska på samanhengen mellom legemiddelbruk og hoftebrot. Foto: Knut Egil Wang
Teaterinstruktør Ingvill Rosenlund gjev kandidatane nokre øvingar for å få dei til å slappe av før dei skal på scena. Foto: Knut Egil Wang
Carina Bringedal forskar på jordvarme og korleis varmetransport føregår under bakken. Foto: Knut Egil Wang
Audun Havnen hadde ikkje ein einaste Power Point eller rekvisitt. Berre seg sjølv. Det heldt i massevis for å bli sendt vidare til finaleomgongen. Foto: Knut Egil Wang
Dommarpanelet beståande av redaktør i BT, Gard Steiro, komikar og skodespelar, Christine Hope, og Edel O. Elvevoll som er dekan for biovitskap, fiskeri og økonomi ved UiT. Dei gav poeng frå 1-6 til dei ulike kandidatane. Foto: Knut Egil Wang
For Monica Rydland har musikken vore viktig heile livet. Også når det kjem til forsking. Foto: Knut Egil Wang
Florian Sambraus hadde rikeleg med rekvisittar og utstyr på sin presentasjon. Mellom anna ein fersk laks. Foto: Knut Egil Wang
Marit Stordal Bakken i samtale med programleiar Maiken Fosen. Foto: Knut Egil Wang
Admar Ajith Kumar Somappa var oppteken av sensorane som vi har rundt oss i dagleglivet. Dei skal vere der for å hjelpe oss, men kva når dei ikkje fungerar? Foto: Knut Egil Wang
Tobias Wolf illustrerte dårleg luftkvalitet i Bergen ved hjelp av denne røyken. Foto: Knut Egil Wang
Erik Knudsen hadde sett nærare på antalet NAV-oppslag i media, negative (den store bunken) og positive (den vesle bunken). Kva har media å seie for vår oppfatning av NAV? Foto: Knut Egil Wang
Fire av dei ni kandidatane gikk vidare til finaleomgangen, der to av dei igjen gikk vidare til den store finalen i Oslo. Foto: Knut Egil Wang
Marit Stordal Bakken var ein av fire som gikk vidare til finaleomgangen. Her førebur ho seg før neste runde. Foto: Knut Egil Wang
Også Florian Sambraus gikk vidare til finaleomgangen. Han var dommarane sitt <>. Foto: Knut Egil Wang
Erik Knudsen interesserte både publikum og dommarane og fekk difor ein plass i fanaleomgangen som lønn for strevet. Foto: Knut Egil Wang
Florian Sambraus fekk seks nye minutt i finaleomgangen til å overbevise dommarar og publikum. Foto: Knut Egil Wang
Dommarane var godt fornøgde med det dei såg og gav Florian 15 poeng av 18 moglege. Foto: Knut Egil Wang
Det var likevel Audun Havnen som fekk flest stemmer og som gikk av med sigeren i Bergen. Foto: Knut Egil Wang
I tillegg til vinnaren, Audun Havnen, vert også andreplassen sent til Oslo for å delta i finalen der. Florian Sambraus vart nummer to. Dermed sender Bergen vidare ein som har forska på behandling av angstliding og ein som har forska på steril laks. Foto: Knut Egil Wang

Forsker grand prix 2014 Bergen

Powered by Labrador CMS