VilVite syner korleis ein kan kommunisere med kvarandre via røyksignal til stor jubel frå dei frammøtte elevane.
VilVite i fyr og flamme.
Heile 1500 elevar fann vegen til forskingsteltet på Festplassen på fredag. Laurdag ventar dei heile 7000 besøkande.
Ein av dei 31 stasjonane ein kan besøkje om ein tek turen til Festplassen.
Slik ser det ut når ein kombinerar vitskap og konkurranse.
Korleis kommuniserar fiskane? Det var noko av det elevane kunne få svaret på.
Dagleg leiar for Forskningsdagene i Bergen, Silje Vik Pedersen, er strålande nøgd med dei ulike stasjonane som er på plass på Festplassen.
Alle snakkar om vêret og då måtte sjølvsagt meteorologane vere til stades på Festplassen. Her viste dei korleis dei kommuniserte vêret tidlegare samanlikna med korleis dei gjer det no.
Ein av dei populære stasjonane tilhøyrte Haukeland sjukehus. Her fekk ein innblikk i mellom anna livredning.
Det var mange som tykte det var spanande å få eit innblikk i korleis ein sjukebil fungerte.
Her ser du ein av dei gode hjelparane til orakelet i Delfi som delar ut gullmyntar slik at ein kan få kjøpe seg eit svar hjå orakelet.
Siri Kleppe (til høgre) er stipendiat og ansvarleg for stasjonen som inneheldt orakelet frå Delfi.
Det var ikkje berre orakelet i Delfi som var representert. Også eit språkorakel var til stades for å opplyse språkglade elevar om det dei måtte lure på.
Maja, Ida og Anniken får utdelt kvar sin språkdiplom for å ha klart språklabyrinten.
Ida, Maja og Anniken fekk gode råd av språkorakelet.

Forskingstorget i Bergen

Powered by Labrador CMS