Kor mykje vatn går med for å produsere eitt einaste eple? 70 liter, fekk elevar frå bergensskulane lære i dag.
Christer van der Meeren frå Birkelandssenteret for romforskning viser korleis ein kan bruke ein Van de Graaf-generator til å lage lyn.
Ikkje verkelege ekskrement, men ein ganske god kopi laga av sitronkake, kakao, sirup og peanøttsmør.
"Ser ekkelt ut, smakar godt", var konklusjonen til desse elevane. - Synet og smakssansen er kopla tett saman. Det handlar om å lure hjernen og å utfordre seg sjølv til å smake sjølv om det ser ekkelt ut, seier Anne Mæland ved Vil Vite-senteret.
Kardemomme, nellik, kanel, sukker. Rein Tveit og Jens Eike Schnell viser fram krydder som blei brukt i festmat i middelalderen.
- Vi veit at dette var festmat, eller mat for dei rike. Det var berre de som hadde råd til eksotiske varer som krydder, fortel Jens Eike Schnell.

Forskingstorget i Bergen

Powered by Labrador CMS