Dekormalar Salomon Sørensen frå Laksevåg har dekorert både tak og vegger inne på Sydneshaugen skole. Det er godt mogleg at det finst meir dekor bak den kvite malinga, som kom på plass før bygget vart freda i 2014. Forvaltningsplan Sydneshaugen skole
Hovudinngangen til Sydneshaugen skole er ut mot Ivar Aasens gate. Skulen er ein av fleire som vart teikna av byarkitekt Kaspar Hassel. Forvaltningsplan Sydneshaugen skole
Inne i Sydneshaugkvartalet finn ein vakre detaljar. Bygningane her skulle ha dei beste kvalitetane ein kunne ønskja seg. Forvaltningsplan Sydneskvartalet
Langes gate 1 og 3 vart kjøpt for at det ikkje skulle kunne byggjast bustader for nær det som no er Universitetsmuseet. I dag held studieadminsitrativ avdeling til her. Glaspyramiden vart laga på 1990-talet. Forvaltningsplan Langes gate
Lenge var det ikkje faste tilsette på Sydneshaugen skole, institutta ligg i HF-bygget og fakultetsadministrasjonen i Harald Hårfagres gate. Men så flytta infosenteret for studentar inn. Dei moderne lokala har gamaldagse vindauge og fargar, og ein ser tydeleg att kor dei opphavelege veggane stod. Øyvind Vyrkjedal Bendiksen er på jobb. Forvaltningsplan Sydneshaugen skole infosenter
Skuleplassen framfor Sydneshaugen skole er òg freda. Forvaltningsplan Sydneshaugen skole
UiB er byuniversitetet, og Sydneshaugkvartalet, som består av både gamle trehus og store murbygningar, er freda som ein heilskap. Forvaltningsplan Sydneskvartalet
I Langes gate 1 skal det første rektorkontoret ha vore, og universitetsadministrasjonen. Forvaltningsplan Langes gate
Hovudinngangen til Langes gate 1 er frå Muséplass. Trevillaen var lenge sommarhus frå den rike kjøpmannen C. Sundt. Forvaltningsplan Langes gate
Gamle fliser på golvet inne i sydneskvartalet. Liknande fliser finn ein i dag i den nyrestaurerte universitetsaulaen. Forvaltningsplan Sydneskvartalet
Her har mange hatt noko å halda seg fast i! Trapper og trapperom er uendra i fleire av dei gamle bygga. Flisane på veggen er òg originale i dette bygget i Sydneshaugkvartalet. Forvaltningsplan Sydneskvartalet
Trappa inne på Sydneshaugen skole svevar oppover. Kvart trinn er hogd ut for seg. Forvaltningsplan Sydneshaugen skole
Kulturminneansvarleg Åse Tveitnes (til venstre) og seniorkonsulent Eva Røyrane har laga forvaltningsplanane saman med fotograf Thomas Vindal Christensen, b+b arkitekter og Staut design. Biletet er frå Sydneshaugen skole. Her er deler av interiøret freda, men samstundes er bygget tilpassa moderne bruk og har fått nye, spesiallaga sitjegrupper. Forvaltningsplan Sydneshaugen skole Åse Tveitnes Eva Røyrane
I eit av dei gamle trehusa i Sydneshaugkvartalet finn ein det som må vera ei av dei smalaste trappene i byn! Forvaltningsplan Sydneskvartalet
Dei som danna Bergens museum ville ikkje risikera bustader heilt oppi museet. Dei kjøpte like greitt Langes gate 1 og 3, to av UiB sine 37 freda bygg. Åse Tveitnes og Eva Røyrane har laga forvaltningsplan for alle – til saman 8,5 kilo plan. Forvaltningsplan Åse Tveitnes Eva Røyrane Langes gate

Forvaltningsplanar

Powered by Labrador CMS