Konservatorane måtte gjennom mange lag med måling før dei fann ut kva farge veggene eigentleg hadde. Som i det nyrestaurerte universitetsmuseet skal nokre felt få vera som dette, og visa arbeidet som er gjort.
Noko i huset skal få vera som det har vore. Denne trappa kjem ikkje til å verta måla.
Øvst oppe likar Heidi Lie Andersen seg godt. Dersom ein strekkjer seg nesten farleg langt ut dette vindauga, kan ein sjå heile labyrinten.
Frå øvste etasje på Lønningen har ein god utsikt over Arkimedes’ labyrint. Den er teikna av matematikkprofessor Hans Munthe-Kaas, og det har gått med 1 330 barlind, som alle er 1,8 meter høge. Ifølgje Heidi Lie Andersen er ikkje labyrinten så veldig vanskeleg, men det er berre ein inngang og ein utgang…
Fylkeskonservatoren har vore oppteken av at Lønningen skal tilbakeførast til slik han ein gong var, og under arbeidet med å byggja huset opp på nytt vart det valt ein tidsperiode: I hovudetasjen er det 1820-talsstil. Førsteamanuensis Heidi Lie Andersen får etterkvart kontor i bygget.
Nokre stader måtte golvet bytast. Men plankane er breie og ubehandla, og festa med naglar.
Rekninga kom til slutt på over 40 millionar kroner. Men UiB har fått eit hus som både kan brukast til både møte, høgtidelege middagar - og så vil det koma ein frøbank hit. Heidi Lie Andersen er fagleg ansvarleg for botanisk hage. Ho har jobba med Lønningen i fleire år.
I hovudetasjen blømer amaryllis i dei store vindauga. Det er ein detalj som ikkje er heilt tidsriktig. Men fine, det er dei!
Lønningen er opprinneleg frå 1770-åra, og har etter fleire år med forfall no kome til sin rett ved inngangen til botanisk hage. Hagen framfor huset er laga i renessansestil.
Huset har mellom anna vorte brukt til barneheim. Det viste seg at avispapir var brukt som isolering i veggene.

Inne i lystgarden

Powered by Labrador CMS