Museet ønskjer fleire fuglar til samlinga, så dersom ein finn ein fersk, død fugl, er det berre å ta kontakt. Inne i fryserommet er det fleire dyr som ventar på at taksidermist Ari Puolakoski skal montera dei. Universitetsmuseet Taksidermist Ari Puolakoski Utstilling Naturhistorisk Fugl
Ari Puolakoski er taksidermist. Etter at universitetsmuseet sine naturhistoriske samlingar vert oppgraderte har han og resten av dei museumstilsette flytta inn i Realfagbygget. Her monterer Puolakoski fuglane som skal henga i taket i trapperommet når museet igjen opnar for publikum. Universitetsmuseet Taksidermist Ari Puolakoski Utstilling Naturhistorisk Hubro Fugl
Heilo er ein vadefugl. Museet fekk ein heil flokk døde heiloar som hadde kollidert med eit fly på Flesland. Nokre var i så god stand at taksidermisten kunne gjenskapa dei. Universitetsmuseet Taksidermist Ari Puolakoski Utstilling Naturhistorisk Heilo Fugl
Kraniet, vengjene og føtene er originale. Men sjølve kroppen er av skumplast og vert festa til dei originale fjørene med ståltråd. Dette er ein hubro. Universitetsmuseet Taksidermist Ari Puolakoski Utstilling Naturhistorisk Hubro Fugl
Havsula har ein kropp forma som eit prosjektil. Fuglen stuper fleire meter ned i vatnet for å fanga fisk, og nebbet er perfekt forma til å halda fast fisken med. Universitetsmuseet Taksidermist Ari Puolakoski Utstilling Naturhistorisk Havsule Fugl
Havørna har eit nebb som er perfekt til å riva. Rovfuglen et fisk og andre fuglar, men kan òg gå laus på mindre pattedyr. Hoene vert større enn hannane, og kan få eit vengjespenn på 2,5 meter. Universitetsmuseet Taksidermist Ari Puolakoski Utstilling Naturhistorisk Havørn
Klørne på ei ørn er rett og slett ein effektiv drapsreiskap. Universitetsmuseet Taksidermist Ari Puolakoski Utstilling Naturhistorisk Havørn
1,92 i vengjespenn, måler førsteamanuensis Terje Lislevand og taksidermist Ari Puolakoski. Universitetsmuseet Taksidermist Ari Puolakoski Utstilling Naturhistorisk Havørn Terje Lislevand
Tranen har eit spisst nebb. Det fekk taksidermisten merka før denne lappen vart sett på… Universitetsmuseet Taksidermist Ari Puolakoski Utstilling Naturhistorisk Trane
Førsteamanuensis Terje Lislevand har vore interessert i fugl sidan han var gut. Over til venstre heng ein trane, og i bakgrunnen ei gråhegre, ei grågås og ein kråkeflokk. Til høgre gulnebblom, stokkand og havsule. Universitetsmuseet Taksidermist Terje Lislevand Utstilling Naturhistorisk Fugl
Hubroen og andre ugler har særleg mjuke fjør som reduserer vengjesuset. Når Ari Puolakoski monterer fuglane, prøver han å få dei i ein mest mogleg naturleg posisjon. Universitetsmuseet Taksidermist Ari Puolakosi Utstilling Naturhistorisk Fugl Hubro

Museumsfuglane

Powered by Labrador CMS